Fritidsfiskar tatt med 60 teiner
STORE BESLAG: Fellesaksjonen gjorde store beslag av ulovlege fangstreiskap i Nordfjord-området.
Nytt

Fritidsfiskar tatt med 60 teiner

Omfattande beslag av fiskeutstyr i Nordfjord etter felles aksjon med Fiskeridirektoratet, politiet, kystvakta og Statens Naturoppsyn.

Marius Rosbach
30.09.2019
I ein fellesaksjon i Nordfjord i midten av september blei det teke beslag i 165 til saman. Heile 60 av desse høyrde til ein fritidsfiskar frå området, som kan rekne med eit oppgjer i rettsapparatet.
Aksjonen starta den 19. september i Måløy og blei avslutta to dagar seinare lengre sør i Sogn og Fjordane.

Fleire meldt til politiet

Fleire av beslaga er meldt til politiet. Den mest alvorlege gjaldt ein fritidsfiskar som hadde 32 ordinære krabbeteiner, 10 krepseteiner og 18 havfisketeiner.
Å fiske med så mange teiner vitnar om erverv og er langt over reiskapsgrensa på 20 teiner som fritidsfiskarar har lov å fiske med, blir det påpeika i ei melding frå Fiskeridirektoratet.
- Når fritidsfiskarar som har inntekt frå anna verksemd fiskar med slike mengder går det ut over yrkesfiskarar som faktisk skal leve av å fiske. Vi får inn mange tips om ulovlege mengder reiskap og det kan bety at det er mykje ulovleg fiske blant fritidsfiskarar, utalar inspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet region Vest.

Får inn mange tips

Direktoratet opplyser at dei får inn ein rekke tips både om ulovleg fangst og sal – ikkje minst på sosiale media som Facebook.
Iden trur ikkje det er mangelfulle kunnskapar om regelverket som gjer at folk fiskar ulovleg.
Både Fiskeridirektoratet og samarbeidspartane vil fortsette å kontrollere ut over hausten, spesielt kring starten av hummarfiske tysdag 1. oktober.
(ekstern lenke)

Publisert: 30.09.2019 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:40