Framstegspartiet har teke eit tydeleg standpunkt når det gjeld behovet for meir pengar for å hjelpe maritim næring over kneika dei er inne i.
Måndag la partiet fram sitt . Det inneheldt mellom anna ei utvida vrakpantordning – også for offshoreskip – i tillegg til å lempe på garantikrava som har gitt verfta utfordringar med å finansiere bygging av nye skip.
– Om vi skal helde fram med å vere ein sjøfartsnasjon, så er det viktig å sikre heile verdikjeda, både sjøfolka på skipa, men også verfta som skal bygge båtane og alle som leverer til desse. Då er det forferdeleg at regjeringa føreslår å kutte i nettolønnsordninga. Vi vil både reversere kutta og styrke ordninga, fortel Listhaug til NETT NO.
Styrkinga kjem ved å fjerne taket på alle fartøystyper.
– I tillegg kjem vrakpantordninga der vi meiner det er viktig at offshoreskip kjem inn, og ordninga med garantiar via GIEK, som også er ei styrking i vårt forslag, seier Listhaug.
Kor mykje det vil utgjere i kroner og øre i ekstra utgifter, er umogleg å seie før ein ser kor mykje dei blir brukt. Frp har også fleire andre forslag, og eit anslag er at tiltaka summerer seg til kring éin milliard kroner.
Også Ap har lagt fram eit budsjettforslag som dei har rekna ut utgjer ei styrking av maritim næring med 750 millionar kroner.
Allereie tysdag er det venta at regjeringa kjem med ei ny støtteordning, mellom anna for reiselivet. Sylvi Listhaug er spent på forslaget:
– No vil vi først sjå kva regjeringa kjem med i den tiltakspakka, men eg har mellom anna merka meg at fleire verft har vore ute og sagt at ekstrakostnadene på smitteverntiltak no er så høge, at det er behov for hjelp til dette. Det er mellom tinga vi vil sjå nærare på, seier forhandlingsleiaren.
Også statsminister Erna Solberg var på gli i dette spørsmålet då ho besøkte Vard førre veke. Verftskonsernet har for tida utgifter på kring ein halv million dagleg i reine smitteverntiltak, men har førebels ikkje fått dekka noko av dette.
Måndag la partiet fram sitt . Det inneheldt mellom anna ei utvida vrakpantordning – også for offshoreskip – i tillegg til å lempe på garantikrava som har gitt verfta utfordringar med å finansiere bygging av nye skip.
Les også
:– Om vi skal helde fram med å vere ein sjøfartsnasjon, så er det viktig å sikre heile verdikjeda, både sjøfolka på skipa, men også verfta som skal bygge båtane og alle som leverer til desse. Då er det forferdeleg at regjeringa føreslår å kutte i nettolønnsordninga. Vi vil både reversere kutta og styrke ordninga, fortel Listhaug til NETT NO.
Styrkinga kjem ved å fjerne taket på alle fartøystyper.
733 mill. i styrking av nettolønna
Listhaug fortel at dei ikkje har rekna konkret på kor store beløp som kjem maritim industri til gode, samanlikna med regjeringa sitt forslag – men berre forslaget om nettolønns betyr ei styrking på 733 millionar kroner.– I tillegg kjem vrakpantordninga der vi meiner det er viktig at offshoreskip kjem inn, og ordninga med garantiar via GIEK, som også er ei styrking i vårt forslag, seier Listhaug.
Kor mykje det vil utgjere i kroner og øre i ekstra utgifter, er umogleg å seie før ein ser kor mykje dei blir brukt. Frp har også fleire andre forslag, og eit anslag er at tiltaka summerer seg til kring éin milliard kroner.
Også Ap har lagt fram eit budsjettforslag som dei har rekna ut utgjer ei styrking av maritim næring med 750 millionar kroner.
Vil sjå på smittevernutgifter
Frp-leiar Siv Jensen påpeika på pressekonferansen måndag at budsjettforhandlingar og samtaler om krisetiltak blei behandla for seg.Allereie tysdag er det venta at regjeringa kjem med ei ny støtteordning, mellom anna for reiselivet. Sylvi Listhaug er spent på forslaget:
– No vil vi først sjå kva regjeringa kjem med i den tiltakspakka, men eg har mellom anna merka meg at fleire verft har vore ute og sagt at ekstrakostnadene på smitteverntiltak no er så høge, at det er behov for hjelp til dette. Det er mellom tinga vi vil sjå nærare på, seier forhandlingsleiaren.
Også statsminister Erna Solberg var på gli i dette spørsmålet då ho besøkte Vard førre veke. Verftskonsernet har for tida utgifter på kring ein halv million dagleg i reine smitteverntiltak, men har førebels ikkje fått dekka noko av dette.
Les også:
Analyse:
Om vi skal helde fram med å vere ein sjøfartsnasjon, så er det viktig å sikre heile verdikjeda
Publisert: 09.11.2020 15:43
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:16