Frp og regjeringa samde om pelsdyravtale
PELSDYRAVTALE: Frps landbrukspolitiske talsperson Morten Ørsal Johansen og landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) presenterte detaljane om kompensasjon for pelsdyrbøndene tysdag. 
Nytt

Frp og regjeringa samde om pelsdyravtale

Framstegspartiet og regjeringspartia er samde om ei kompensasjonsordning for pelsdyrbøndene som må avvikle bruka. Kva det vil koste, er umogleg å seie.

11.02.2020
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo og Anne Gøystdal: Frp, Høgre, Venstre og KrF har vorte samde om å droppe erstatning basert på bokført verdi eller tal avlstisper. I staden blir kompensasjonen basert på ei verdivurdering av kvart enkelt pelsdyranlegg, heiter det i avtalen som vart presentert tysdag formiddag.
Dei fire partia vil no definere saka som eit inngrep som liknar oreigning – sjølv om regjeringa tidlegare har sagt at det ikkje var snakk om oreigning. Omgrepet tyder at staten tar ifrå nokon eigedomen deira med tvang, og at dei derfor får ein økonomisk kompensasjon for det.
Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) og Frps landbrukspolitiske talsmann Morten Ørsal Johansen seier det var nødvendig fordi den opphavlege ordninga gav urimelege utslag.
– Vi kom opp i store summar, og med dette får vi ei jamnare fordeling, sa Bollestad.
– Å taksere er den mest rettferdige måten å gjere det på. I den andre modellen fekk vi ein del skeive utslag, legg Johansen til.

Vil sannsynlegvis bli dyrare

Det er ikkje sett noka økonomisk ramme for erstatningsordninga dei fire partia på borgarleg side no er samde om. Det siste forslaget som låg på bordet frå regjeringa, hadde ei økonomisk ramme på vel 800 millionar kroner.
Det er per i dag umogleg å seie kva ordninga vil kome til å koste fordi kompensasjon skal byggje på taksering av dei enkelte gardsbruka. Bollestad vedgår at det er sannsynleg at det blir høgare enn den ramma som hittil er lagd til grunn.
Den nye ordninga må forankrast i ei forskriftsendring. Landbruksministeren seier ho gjer alt ho kan for å få forskrifta på plass så snart som mogleg.
– Eg skal gjere det eg kan for å få det ferdig før sommaren. Det tar fire–fem veker å utarbeide forskrifta, og etterpå skal ho på høyring. Det tyder at ho tidlegast vil vere klar i mai–juni, seier Bollestad.

Venstre-siger

Avtalen vart klar berre ein time før spørsmålet skulle debatterast i Stortinget, basert på eit forslag frå Senterpartiet om å gi pelsdyrbøndene «full erstatning».
Det var Venstre som i regjeringsforhandlingane, først på Jeløya i 2018 og så på Granavolden i fjor, fekk gjennomslag for å avvikle pelsdyrnæringa innan 2025. Men diskusjonen om erstatning for pelsdyrbøndene som blir tvinga til å avvikle, har vore lang og kronglete. Ordninga har fleire gonger vorte jekka betydeleg opp.
Representantar frå både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre har vore misnøgde med kompensasjonen som har vore foreslått.
Høgres Margunn Ebbesen i næringskomiteen er glad for avtalen som no er på plass, og seier at pelsdyrforbodet har vore ei krevjande sak for dei bøndene det gjeld.
– Derfor har det vore viktig å få på plass ei kompensasjonsordning. Det var viktig at vi no fekk på plass ei ordning som er føreseieleg i staden for å gå i gang heilt på nytt med nye utgreiingar som skulle bli lagde fram for ny stortingsbehandling, slik Ap og Sp ville, seier ho.

Publisert: 11.02.2020 10:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52