NTB Ha0 OJ0 D Hg Es
NEDSTEMT PÅ STORTINGET: Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen med Frps energipolitiske talsperson Terje Halleland (innfelt). Frp på skuffa over at Ap og Sp ikkje vil sett fart i utlysning av ein nu konsesjonsrunde. Foto: Carina Johansen / NTB og Vidar Ruud / NTB
Nytt

Frp reagerer på olje-nei frå Sp og Ap

Regjeringspartia seier nei til eit Frp-forslag om ein 26. konsesjonsrunde for olje og gass i 2023. – Dei sviktar Europa, meiner partiet.

NPK-NTB-Marius Helge Larsen: – Det er frykteleg synd at Arbeidarpartiet og Senterpartiet sviktar både Europa og næringa på den måten dei gjer no, når dei tidlegare har vore så tydelege på at dei ønskjer å utvikle og ikkje avvikle olje- og gassnæringa, seier energipolitisk talsperson Terje Halleland i Framstegspartiet til NTB.

Han er ivrig etter å opne nye område for leiting etter olje og gass og vil ha i gang 26. konsesjonsrunde på norsk sokkel så fort som mogleg. SV har gjennom ein avtale blokkert regjeringa frå å gjennomføre runden i 2022.

– Sett i lys av krigen i Ukraina er det auka behov, og rolla Noreg speler i den europeiske energimiksen, er endra, seier Halleland.

Skuffa
Han og partiet har utfordra regjeringa ved å føreslå i Stortinget at 26. konsesjonsrunde skal skje «så snart som mogleg, og seinast innan utgangen av 2023». No er det klart at regjeringspartia Senterpartiet og Arbeidarpartiet seier nei til forslaget, medan Høgre seier ja.

– Vi sette 2023 berre for å innfri det kravet SV allereie hadde fått gjennomslag for i samband med budsjettforhandlingane, men det var likevel ikkje nok til å få med oss Sp og Ap, seier Halleland, som ikkje legg skjul på at han er skuffa.

Han har merka seg at regjeringa har gitt signal om at Noreg bør sende så mykje gass som mogleg til Europa, no som Russland strammar inn på eksporten sin som følgje av krigen i Ukraina.

– Eg trudde jo i lys av den nye situasjonen, der temaet energitryggleik har ei heilt anna merksemd, at regjeringspartia kunne vere med på eit forslag om å intensivere arbeidet med å finne meir gass og skape føreseielegheit for næringa, seier Halleland.

Ap avviser kritikken
Leiaren i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Arbeidarpartiets Marianne Sivertsen Næss, avviser at dei har sagt endeleg nei til ein 26. konsesjonsrunde i 2023 ved å seie nei til Frps forslag. Ho held døra open.

– Det kan godt skje. Eg ser ikkje bort frå det. Men vi behandlar ikkje det gjennom eit forslag frå Frp i Stortinget om at vi skal ha ein konsesjonsrunde, seier ho til NTB.

Ho viser til at Solberg-regjeringa berre hadde tre nummererte konsesjonsrundar i løpet av dei åtte åra sine, og at det ikkje er nokon automatikk i at desse skal komme årleg.

Dessutan påpeikar ho at dei såkalla TFO-rundane, der det blir lyst ut felt i område som allereie er utbygde, er viktigare for å raskt sikre ny aktivitet. Desse kan knytast til allereie eksisterande infrastruktur. Ein ny TFO-runde har akkurat vore ute på høyring.

– Vi skal vere ein stabil og føreseieleg gassleverandør. Det er særleg viktig når energitryggleiken er trua i Europa. Men det går mykje raskare å få produksjon gjennom TFO-rundar, seier Næss.

Ho påpeikar òg at Frp hadde oljeministeren i tre år før dei lyste ut sin første nummererte runde i 2015.

Meiner Frp lagar falskt drama
Heller ikkje Senterpartiets energipolitiske talsperson, Ole André Myhrvold, er særleg imponert over kritikken.

– Dette er jo det spelet Frp driv. Då dei sjølve sat i regjering, kunngjorde dei to nummererte rundar. Så det at 26. konsesjonsrunde ikkje kjem no, er det ingen dramatikk i. Det viktige er at vi held trykket oppe i næringa. TFO-ane kjem, det gjer dei jo. Og det er brei semje om å halde fram leitinga på norsk sokkel, seier han.

Han seier at dei inntil vidare tek omsyn til budsjettsemja med SV om å ikkje lyse ut runden i 2022, men vil ikkje seie noko om når han kan komme.

– Eg skal ikkje forskotere det i det heile. Men Frp må slutte å lage dramatikk av noko som ikkje er dramatisk.

Publisert: 29.04.2022 07:57

Sist oppdatert: 29.04.2022 08:03