NTB 0d Gp Fdkepdw
INNE: Frank Sve (Frp), fylkestingsrepresentant og tidlegare ordførar på Stranda, ligg an til fast plass på Stortinget i fersk meiningsmåling.
Nytt

Frp størst på ny Møre og Romsdal-måling

I ei ny meiningsmåling for Møre og Romsdal er Framstegspartiet størst og fylkesleiar Frank Sve får fast plass på Stortinget.

NPK
08.09.2021

NPK: Fylkesmålinga er tatt opp for Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav.

På liknande målingar i februar, mai og august var det berre førstekandidat og partileiar Sylvi Listhaug som var inne med eit direktemandat. Berre dagar før sjølve valdagen klikkar også Sve inn, skriv Sunnmørsposten.

Høgre går tilbake
Parallelt med Frps framgang opplever Høgre ein kraftig tilbakegang.

I februar i år fekk Høgre 24,7 prosent og Frp 13,6 prosent. I dag viser målinga 16,3 prosent til Høgre og 19,1 prosent til Frp.

Frp tar igjen over rolla som det største partiet i Møre og Romsdal, medan Høgre er redusert til det fjerde største.

Tett konkurranse
Fagleg ansvarleg for målinga i Respons analyse, Thore Gaard Olaussen, åtvarar likevel mot å tru at kampen om sistemandatet er over.

– Det er framleis slik i Møre og Romsdal at fire parti slåst om å sikre seg to mandat kvar. Forskjellen mellom Senterpartiet og Høgre er på to prosent. Det er innanfor feilmarginen, så dette er framleis usikkert, påpeiker Olaussen til avisa.

Partibarometeret for Møre og Romsdal viser elles at Ap får 18,8 prosent oppslutning og Senterpartiet 18,3 prosent.

Publisert: 08.09.2021 14:07

Sist oppdatert: 08.09.2021 14:12