Sylvi listhaug isv jensen jon georg dale 11
FERJEFORSLAG: Sylvi Listhaug fortel at Frp vil fremme eit forslag om halvering av ferjeprisane med ein gong. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Frp vil halvere ferjeprisane

Partiet kastar inn nytt forslag i diskusjonen om kor mykje det skal koste å ta ferje.

Marius Rosbach
12.02.2021

Framstegspartiet vil gjere alle ferjereiser gratis, og føreslår ei halvering av prisane med ein gong, ifølgje ei pressemelding frå partiet fredag.

Nestleiar Sylvi Listhaug meiner ferjene skal sjåast på som ein del av vegennettet og vere gratis.

– Tenk kor viktig det er for næringslivet som i staden for å punge ut enorme summar til å betale ferjebillettar, i staden kan bruke pengane til å reinvestere i eigen bedrift, uttalar Listhaug i meldinga.

Vil legge fram forslag i neste krisepakke
Frp vil legge fram eit forslag om halvering av ferjeprisen når neste krisepakke kjem til behandling i Stortinget.

– Vi kjem til å fremme forslag om at takstane på både riksveg- og fylkesvegsamband skal halverast med ein gong, held Listhaug fram.

Då Frp la fram sitt alternative budsjettforslag i haust, var ikkje forslaget med. Då nøgde partiet seg med eit punkt om å «legge til rette for billigere billettpriser».

Ap vil også kutte prisane
Dyrare ferje har vorte ei heit politisk potet, spesielt etter at Autopass-ordninga blei innført. Og i fjor samla eit ferjeopprør støtte i alle kystfylka.

Fleire parti har kasta seg inn i kampen om å gjere ferjereisande til lags før valet til hausten.

Arbeidarpartiet har i sitt programforslag at dei vil halvere ferjeprisane, etter eit forslag frå fylkeslaget i Møre og Romsdal.

Det er landsmøtet til partiet som gjer endeleg vedtak, men både Gjelseth og fylkesleiar Per Vidar Kjølmoen kjenner seg trygge på at forslaget vil bli offisiell Ap-politikk etter landsmøtet i midten av april.

Les også: Ap-leiinga klare til å halvere ferjeprisane

Sve kallar ferjeforslag frå Ap for politisk svindel

Synspunkt: Derfor vil Arbeiderpartiet halvere fergetakstene

Publisert: 12.02.2021 11:40

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:32

Mer om