Frustrert over advokatutgiftene
RESTRUKTURERING: Kjersti Kleven meiner at det ikkje er automatikk i at ein prosess går fortare og vert betre ved at stadig fleire rådgivarar og advokatar vert kopla på i restruktureringsprosessar.
Nytt

Frustrert over advokatutgiftene

Kjersti Kleven åtvarar mot dei aukande kostnadene til advokatar og rådgivarar i restruktureringsprosessar.

06.10.2017
- Dei einaste som tener på at selskap slit er advokatar og rådgivarar. Det er ein tankekross, seier Kjersti Kleven.
Den tidlegare styreleiaren i Kleven har sjølv stått i spissen for innhenting av ny kapital til det kriseråka verftskonsernet.
- Alle aktørar stilte med advokatar og talknusarar. Det er i utgangspunktet ikkje noko galt i det og det er rett og slett nødvendig slik prosessane er strukturerte.
- Isolert sett fekk vi også svært god hjelp av den advokaten vi engasjerte som investor, men spørsmålet er om det har gått vel langt og blitt sjølvforsterkande, undrast sosiologen.
- Dette er ikkje verdiskapande pengar i den store samanhengen, seier ho.

Store summar

Tidlegare styreleiar Per Sævik i Havila Shipping har opplyst at det gjekk med over 100 millionar kroner i advokatutgifter ved restruktureringsprosessen til Havila Shipping.
- Vi har brukt eit hav av advokatar der taksometeret tikka kontinuerleg. Vi har brukt hundre millionar kroner pluss på denne prosessen, sa Sævik under Sysla Live i Ålesund.
Les her:
Kjersti Kleven viser til at Havila Shipping slett ikkje har vore åleine om slike prosessar.
- Det har siste par åra vore mange slike prosessar, også i denne regionen. Det er ingen tvil om at det har gått med enorme summar. Dette er pengar som med fordel kunne ha vorte brukt inn mot meir verdiskapande aktivitetar, seier Kleven.

Tunge utgifter

Frå 2013 til 2015 var Kjersti Kleven styreleiar for Norsk Industri, som organiserer rundt 2.200 bedrifter med til saman rundt 125.000 tilsette.
Ho viser til at for bedrifter som slit er store advokatutgifter det siste ein har behov for.
- Og det er slett ikkje automatikk i at ein prosess går fortare og resultatet vert betre om det er involvert eit kobbel av advokatar og rådgivarar. Tvert imot kan det då finnast aktørarar som har mykje å tene på at prosessane dreg ut.
Kleven er uroa for utviklinga.
- For samfunnet er det viktig at vi får på plass system som hindrar at for mykje industrivenleg kapital går til advokatar og rådgivarar, og sikrar at meir av kapitalen går til å byggje og utvikle bedrifter, seier Kleven.
Det er slett ikkje automatikk i at ein prosess går fortare og resultatet vert betre om det er involvert eit kobbel av advokatar og rådgivarar.

Publisert: 06.10.2017 10:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14