Nytt
Fryktar det tek år å kome over koronanedturen
Koronaviruset har sett restaurant-Ålesund på sparebluss. Ivar Breivik har stengt drifta i Parken Kulturhus, selskapslokalet Kulinarisk og baren Milk.
13.03.2020
Søndag kveld blir det avgjort om dørene stenger også hos restauranten XL Diner, grillen Elefante og restauranten Lyst.
Når gjestane går heim fredag kveld stenger Sjøbua dørene inntil vidare, Bro og Molo er stengt allereie, Zuuma har redusert opningstidene og oppmodar kundane om å velje take-away, Egon i Ålesund Storsenter har redusert opningstider og følgje opningtidene til senteret.
Apotekergata No 5, Anno og Nonna Lina har ope, og vurderer utvikling fortløpande.
Breivik seier XL Diner, Lyst og Elefante held ope i helga, og så blir det ein ny vurdering søndag kveld.
Han er berre delvis nøgd med krisepakken som kom fredag, der staten tek over storparten av rekninga med å permittere folk.
- Ei grei pakke for meg som arbeidsgivar, men eg synst det er ei for dårleg løysing for dei tilsette, seier Breivik.
Han håpar opposisjonen på Stortinget lukkast med å få gjennom at dagpengane til permitterte skal aukast.
No er han redd Noreg sin posisjon som eit trygt reisemål er skadd for lang tid framover, og at det tek tre-fire år før restaurant- og reiselivsbransjen kjem over skadeverkandane av koronaviruset.
Regjeringa venta for lenge med strenge tiltak, meiner Breivik. Det får reiseliv- og restaurantbransjen svi for no og lenge framover, etter Breivik si vurdering.
Når gjestane går heim fredag kveld stenger Sjøbua dørene inntil vidare, Bro og Molo er stengt allereie, Zuuma har redusert opningstidene og oppmodar kundane om å velje take-away, Egon i Ålesund Storsenter har redusert opningstider og følgje opningtidene til senteret.
Apotekergata No 5, Anno og Nonna Lina har ope, og vurderer utvikling fortløpande.
Vurderer etter helga
I dag kom Regjeringa med sin første krisepakke for å hjelpe næringslivet til å overleve tiltaka som skal forhindre koronasmitte. Restaurantbransjen er blant dei hardast råka, både av avbestillingar og av tiltaka som stenging av barar og påbod om betre plass rundt kvar restaurantkunde.Breivik seier XL Diner, Lyst og Elefante held ope i helga, og så blir det ein ny vurdering søndag kveld.
Han er berre delvis nøgd med krisepakken som kom fredag, der staten tek over storparten av rekninga med å permittere folk.
- Ei grei pakke for meg som arbeidsgivar, men eg synst det er ei for dårleg løysing for dei tilsette, seier Breivik.
Han håpar opposisjonen på Stortinget lukkast med å få gjennom at dagpengane til permitterte skal aukast.
Langsiktig skade
Breivik seier avbestillingane frå utlandet har kome både for juni, juli og august - høgsesongen der restaurantbransjen fyller opp kassa som gjer det råd å greie seg gjennom dei tyngste vintermånadane.No er han redd Noreg sin posisjon som eit trygt reisemål er skadd for lang tid framover, og at det tek tre-fire år før restaurant- og reiselivsbransjen kjem over skadeverkandane av koronaviruset.
Regjeringa venta for lenge med strenge tiltak, meiner Breivik. Det får reiseliv- og restaurantbransjen svi for no og lenge framover, etter Breivik si vurdering.
Publisert: 13.03.2020 16:52
Sist oppdatert: 30.04.2021 15:17