- Vi trur det blir mindre aktivitet, og kanskje betydeleg mindre aktivitet, seier Stein Veland og korleis Nav vurderer utvikling i reiselivsnæringa i haust.
Arbeidsløysestatistikken for august, som Nav offentleggjer i dag, viser at talet på heilt permitterte i reiseliv- og transportbedriftene i Møre og Romsdal gjekk opp frå 272 til 367 personar i løpet av månaden.
Det er to grunnar til at Veland fryktar at det kjem til å bli fleire som blir permittert eller misser jobben innan reiseliv: Den norske turistsesongen er over samstundes som koropanepidemien og tiltak mot den gjer at få utlendingar kjem til Noreg. Samstundes er private og offentlege verksemder blitt svært varsame med å samle folk i store grupper, som på kurs, konferansar og andre arrangement på hotell.
Hotelldirektør og -eigar Sindre Mjelva i Hotel Union Geiranger sa til NETT NO tidlegare denne veka at han trur reiselivet ikkje kjem tilbake til 2019-nivå før i 2025.
3,7 prosent av arbeidsstyrken i fylket (5194 personar) var heilt ledige i august, mot 4,2 prosent i juli. 2,7 prosent av arbeidsstyrken (3692 personar) er delvis ledige i august, mot 2,9 prosent i juli.
Størst andel heilt ledige er det i Sande (7,8 prosent), Hareid (7,3 prosent), Ulstein (6,3 prosent) og Herøy (5,7 prosent).
Arbeidsløysestatistikken for august, som Nav offentleggjer i dag, viser at talet på heilt permitterte i reiseliv- og transportbedriftene i Møre og Romsdal gjekk opp frå 272 til 367 personar i løpet av månaden.
Det er to grunnar til at Veland fryktar at det kjem til å bli fleire som blir permittert eller misser jobben innan reiseliv: Den norske turistsesongen er over samstundes som koropanepidemien og tiltak mot den gjer at få utlendingar kjem til Noreg. Samstundes er private og offentlege verksemder blitt svært varsame med å samle folk i store grupper, som på kurs, konferansar og andre arrangement på hotell.
Nedgang
Slik Veland vurderer står reiselivsnæringa framfor ein større nedgang, det er ikkje berre snakk om at ei normal nedbemanning fordi marknaden i seinsommaren og tidleg haust blir amputert på grunn av færre utanlandske turistar.Hotelldirektør og -eigar Sindre Mjelva i Hotel Union Geiranger sa til NETT NO tidlegare denne veka at han trur reiselivet ikkje kjem tilbake til 2019-nivå før i 2025.
Færre ledige
Trass i negative utsikter for reiselivet går talet på heilt eller delvis ledige ned i Møre og Romsdal.3,7 prosent av arbeidsstyrken i fylket (5194 personar) var heilt ledige i august, mot 4,2 prosent i juli. 2,7 prosent av arbeidsstyrken (3692 personar) er delvis ledige i august, mot 2,9 prosent i juli.
Størst andel heilt ledige er det i Sande (7,8 prosent), Hareid (7,3 prosent), Ulstein (6,3 prosent) og Herøy (5,7 prosent).
Publisert: 28.08.2020 11:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02