Fryktar for framtida til Hovden
UROA: Stortingsrepresentantane Jenny Klinge og Fredric Holen Bjørdal vil kjempe for tilbodet ved Hovden. Neste fredag vil saka bli diskutert på eit stormøte ved samfunnshuset i Ørsta. Hit kjem mellom anna Siv Jensen og Sylvi Listhaug. 
Nytt

Fryktar for framtida til Hovden

Fleire stortingsrepresentantar kastar seg inn i kampen for tilbodet ved flyplassen. 

20.08.2020
(NPK-NETT.NO): Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) seier det er uaktuelt å godta kutt i kortbanenettet for fly.
Ho fortel til NRK Møre og Romsdal at ho fryktar Ørsta Volda lufthamn Hovden er ein av småflyplassane som kan bli nedlagt.
– Det er all grunn til å frykte for framtida til Hovden når regjeringa gjennom eit utval har klare tankar om å eventuelt legge ned flyplassar rundt om kring i landet. Hovden vil vere sårbar då, seier ho til kanalen.

Spør samferdsleministeren

Også stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) har på ny teke opp kampen for rutetilbodet ved Hovden.
– I lys av nye rutekutt på strekninga Ørsta/Volda-Oslo, vil regjeringa no gjeninnføre statleg kjøp eller ta andre grep for å betre situasjonen, eller vil ein akseptere at rutetilbodet for privatpersonar og næringsliv i ein viktig region blir stadig dårlegare, spør ørstingen i eit spørsmål i Stortinget til samferdsleminister Knut Arild Hareide.
Eit regjeringsoppnemnt utval har teke til orde for å leggje ned småflyplassar – utan å nemne konkrete stadar. Samtidig varslar Widerøe at dei vil kutte flytilbodet ved Hovden.

Les også:


Klinge vil ha ei forsikring frå regjeringa om at kortbanenettet – og Hovden – er viktige for framtida.

Vil ha meir trafikk på færre lufthamner


Utvalet legg opp til å leggja ned flyplassar i distrikta for å utvida andre småflyplassar. Kva flyplassar som eventuelt bør leggjast ned har utvalet ikkje teke stilling til.
– Vi meiner det optimale for samferdselsnoreg må vera å få større volum på færre flyplassar. Det vil også vera gunstig for staten økonomisk sett. Samtidig kan du få lågare billettprisar, så det er eigentleg gunstig på alle kantar, seier leiar av ekspertutvalet og tidlegare Avinor-sjef Sverre Quale til NRK.
Rapporten til utvalet blei lagt fram i desember i fjor. Det var planlagt ein høyringsrunde på rapporten før sommaren, men høyringsfristen vart utsett på grunn av korona. Den nye høyringsfristen gjekk ut laurdag 15. august.

Reisetida er korta ned

Quale understrekar at alle kortbaneflyplassane i landet i dag går med underskot. Han meiner det bør gjerast ei ny oppdatert vurdering av luftfartsstrukturen der ein ser på heile infrastrukturen i eit større perspektiv.
Utvalsleiaren peikar mellom anna på at det mange stader er kort avstand mellom flyplassane og at det dei siste ti åra har skjedd mykje på samferdselsfronten som har korta ned reisetida mellom fleire små flyplassar.

Vestlandet truleg utsett

Til Nynorsk pressekontor stadfestar han at Sogn og Fjordane er ein region der utvalet meiner ein bør sjå nærmare på flyplasstrukturen.
Ifylgje NRK har det vore peikt på at både Sandane, Sogndal og fleire andre flyplassar ligg nært kvarandre.

Les også:




Vi meiner det optimale for samferdselsnoreg må vera å få større volum på færre flyplassar

Publisert: 20.08.2020 12:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01