- Vi er kjent med at det har gått ut eit brev til skotske farty der dei blir anmoda om å lande meir fangst heime, seier Kyrre Dale, fagsjef for industri i Sjømat Norge.
Det går rykter om at det er krefter i Skotland som ønsker at så mykje som 50 prosent av landingane skal gå til anlegg i UK. Dette er imidlertid ikkje bekrefta.
- Vi har fått opplyst at deler av kvoten ikkje er tildelt dei skotske fartya i påvente å sjå korleis den skotske flåten forheld seg til anmodninga, seier han vidare.
- Råstoff frå denne flåten er viktig for norsk industri. Eit stort bortfall vil kunne få betydelege konsekvensar for fiskeindustrien i Norge.
- Ein må også huske på at utanlandske landingar bidreg til å halde drifta utover den norske sesongen. Dei leverer på forskjellige tidspunkt og gjer at sesongen blir lengre.
Krav om at meir skal landast i UK, vil ifølgje Dale også kunne bidra til lavare prisar ute i marknaden.
- Når dei har levert til Norge, er det fordi det er priskonkurranse og der norske anlegg har bydd mest. Dersom dei blir nødt til å levere til UK og til lavare prisar, kan det medføre lavare prisar på skotsk fisk ute i marknaden. Det igjen vil kunne vere med på å dra ned prisen på den norske fisken, seier han.
- Det gjer at Norge ikkje klarer å konkurrere om denne fisken, og dermed blir den landa på Færøyane. Vi ser dermed signal om økt proteksjonisme både frå Færøyane og UK. I Norge, på si side, plikter norske fiskarar i enkelte tilfelle å by ut fangstane sine for sal til utenlandske kjøparar. Norsk fiskeindustri er opptatt av at vi skal kunne konkurrere om råstoff på like vilkår. Slik er det ikkje i dag, seier Dale.
Sjømat Norge har difor tatt kontakt med norske politikarar og myndigheiter når det gjeld avgifta frå Færøyane og det skotske initiativet som er kome no.
- Både fiskeindustrien, - flåten og salslaga er opptatt av denne problemstillinga, seier Dale.
- Dette er eit veldig godt supplement og er også viktig for å forlenge sesongen. Men det vi er engstelig for no, er at vi ikkje vil få nok pelagisk råstoff. Vi høyrer at myndigheitene i Skottland ønskjer at 50 prosent av kvotane skal landast i eige land. Det vil i så fall få store konsekvensar for heile den pelagiske næringa og og også det volumet vi kan produsere her på Ellingsøya, seier dei.
Dei har avtaler med fleire båtar både på Shetland og Skottland, og som leverer meir eller mindre fast til dei.
- Forrige fredag fekk vi beskjed frå farty om at dei i staden var tvungne til å levere til Shetland eller Skottland, hvis ikkje var det truslar om bøter, seier dei.
- Men vi veit at det er båtar i seinare tid som har måtte gå til Skottland framfor Norge. Vi veit at det har pågått eit press over tid om å levere meir av fangsten heime i UK. Men slik eg ser det, har dei ikkje kapasitet til å ta imot all fisken i UK og handtere dette sjølv til ei kvar tid. Difor må dei levere i utlandet, seier Tranvåg.
I dag er Storbritannia bunden av handelsavtalen mellom EU-landa, inkludert Norge.
- Men det blir spennande å sjå kva dei finn på når dei blir ståande åleine, ref. Brexit. Vi ser at Færøyane har bygd opp ein effektiv industri fordi dei betaler lite for fisken. Dersom dette også skulle skje i Skottland, er det veldig betenkelig. Norsk industri er avhengig av volumet frå utanlandske båtar. Dessutan kjem den billege fisken inn i marknaden og dreg også prisen ned på norsk fisk, seier han.
Det går rykter om at det er krefter i Skotland som ønsker at så mykje som 50 prosent av landingane skal gå til anlegg i UK. Dette er imidlertid ikkje bekrefta.
- Vi har fått opplyst at deler av kvoten ikkje er tildelt dei skotske fartya i påvente å sjå korleis den skotske flåten forheld seg til anmodninga, seier han vidare.
Store volum
I 2016 landa farty frå UK, i hovedsak skotske, 81.000 tonn makrell og 29.000 tonn sild i Norge. Til samanligning produserer store anlegg i Norge 1000 tonn i døgnet. Dermed utgjer dette 110 produksjonsdøgn i Norge.- Råstoff frå denne flåten er viktig for norsk industri. Eit stort bortfall vil kunne få betydelege konsekvensar for fiskeindustrien i Norge.
- Ein må også huske på at utanlandske landingar bidreg til å halde drifta utover den norske sesongen. Dei leverer på forskjellige tidspunkt og gjer at sesongen blir lengre.
Krav om at meir skal landast i UK, vil ifølgje Dale også kunne bidra til lavare prisar ute i marknaden.
- Når dei har levert til Norge, er det fordi det er priskonkurranse og der norske anlegg har bydd mest. Dersom dei blir nødt til å levere til UK og til lavare prisar, kan det medføre lavare prisar på skotsk fisk ute i marknaden. Det igjen vil kunne vere med på å dra ned prisen på den norske fisken, seier han.
Signal om økt proteksjonisme
Færøyane innførte for eit par år sidan ei landingsavgift på 2 danske kroner per kilo sild og makrell dersom fangsten vart levert i utlandet.- Det gjer at Norge ikkje klarer å konkurrere om denne fisken, og dermed blir den landa på Færøyane. Vi ser dermed signal om økt proteksjonisme både frå Færøyane og UK. I Norge, på si side, plikter norske fiskarar i enkelte tilfelle å by ut fangstane sine for sal til utenlandske kjøparar. Norsk fiskeindustri er opptatt av at vi skal kunne konkurrere om råstoff på like vilkår. Slik er det ikkje i dag, seier Dale.
Sjømat Norge har difor tatt kontakt med norske politikarar og myndigheiter når det gjeld avgifta frå Færøyane og det skotske initiativet som er kome no.
- Både fiskeindustrien, - flåten og salslaga er opptatt av denne problemstillinga, seier Dale.
Opplevde at båtar ikkje ville levere
Leveranser frå utenlandske båter er viktig for den pelagiske næringa, meiner Harald Sperre og Kurt Jakobsen i Nils Sperre-konsernet.- Dette er eit veldig godt supplement og er også viktig for å forlenge sesongen. Men det vi er engstelig for no, er at vi ikkje vil få nok pelagisk råstoff. Vi høyrer at myndigheitene i Skottland ønskjer at 50 prosent av kvotane skal landast i eige land. Det vil i så fall få store konsekvensar for heile den pelagiske næringa og og også det volumet vi kan produsere her på Ellingsøya, seier dei.
Dei har avtaler med fleire båtar både på Shetland og Skottland, og som leverer meir eller mindre fast til dei.
- Forrige fredag fekk vi beskjed frå farty om at dei i staden var tvungne til å levere til Shetland eller Skottland, hvis ikkje var det truslar om bøter, seier dei.
-Veldig betenkeleg
Jørgen B. Tranvåg i Sevrin Tranvåg as seier at dei ikke opplevd noko så langt.- Men vi veit at det er båtar i seinare tid som har måtte gå til Skottland framfor Norge. Vi veit at det har pågått eit press over tid om å levere meir av fangsten heime i UK. Men slik eg ser det, har dei ikkje kapasitet til å ta imot all fisken i UK og handtere dette sjølv til ei kvar tid. Difor må dei levere i utlandet, seier Tranvåg.
I dag er Storbritannia bunden av handelsavtalen mellom EU-landa, inkludert Norge.
- Men det blir spennande å sjå kva dei finn på når dei blir ståande åleine, ref. Brexit. Vi ser at Færøyane har bygd opp ein effektiv industri fordi dei betaler lite for fisken. Dersom dette også skulle skje i Skottland, er det veldig betenkelig. Norsk industri er avhengig av volumet frå utanlandske båtar. Dessutan kjem den billege fisken inn i marknaden og dreg også prisen ned på norsk fisk, seier han.
Både fiskeindustrien, - flåten og salslaga er opptatt av denne problemstillinga
Publisert: 03.02.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05