Fryktar full kjededominans
LOKALT EIGARSKAP: Lokalt eigarskap er avgjerande for ei verksemd som Hotel Alexandra, seier Richard Grov. Her er han saman med Dronning Sonja og konferansier Arne Hjeltnes under opninga av gondolanlegget til Hoven i Loen våren 2017. Hotel Alexandra er største eigar i anlegget, som kosta over 300 millionar kroner.
Nytt

Fryktar full kjededominans

- Dette skal ikkje skje i Loen, seier hotelldirektør og -eigar Richard Grov etter at det familieigde og tradisjonsrike Hotel Ullensvang i Hardanger er lagt ut for sal. Ålesund-firma er rådgivar i salet.

28.02.2020
I 176 år har Utne-familien eigd og bygd opp Hotel Ullensvang. No er hotellet lagt ut for sal, . Konsolidering i reiselivsbransjen, kjedemakt og tøffare konkurranse om kundane er utløysande årsak, i følgje eigarane.
Trist, men forståeleg, meiner Richard Grov i Hotel Alexandra-konsernet i Loen. Han fryktar ei utvikling som endar med at alle hotell blir kjedehotell, styrt frå utlandet.
Han vil ikkje kommentere salet av Hotel Ullensvang spesielt, men seier på generelt grunnlag at salet er eit godt døme på resultatet av mange politiske vedtak som kvar for seg er små, men som samla gjer det tungt å drive familieselskap i reiselivsbransjen, meiner Grov. Mange av dei familieigde hotellselskap driv med små marginar og pløyer overskota attende i hotellet - som dei må betale formuesskatt av.
- Begeret er full. Då renn det over, seier Grov.

Lokalt eigarskap

Sjølv avviser han klart og tydeleg at han vil gjere som Utnefamilien.
-Viss eg døyr, fleipar han om kva som eventuelt kan utløyse eit sal.
- Dette med den lokale eigerskapen er avgjerande for den type verksemd som Hotel Alexandra, seier Grov.

Ålesund-advokatar er rådgivarar

Adviso Advokatfirma i Ålesund er hyra inn som rådgivar i salet, saman med kommunikasjonsselskapet First House og det internasjonale eigedomsrådgivningselskapet CBRE.
Det er CBRE som har hovudansvaret for å finne ein ny eigar til hotellet.

Rekordresultat

Reknskapen for Hotel Alexandra viser at dei to siste åra, 2018 og 2017, har vore dei mest lønsame hotellkonsernet har hatt etter år 2000.


Publisert: 28.02.2020 17:45

Sist oppdatert: 29.03.2021 11:06