Fryktar nye forseinkingar for eldrift paa ferjene
FORSEINKA: Ladestasjonane mellom anna på Sulesund ferjekai har stått ubrukt i lengre tid grunna forseinkingane med å gå over til eldrift. Fjord1-direktør Dagfinn Neteland erkjenner at det påverkar resultata deira.
Nytt

Fryktar nye forseinkingar for eldrift på ferjene

Koronakrise og forseinkingar på elektrifisering pregar Fjord1-resultatet for første kvartal. 

Marius Rosbach
13.05.2020
Driftsinntektene auka samanlikna med i fjor, etter oppstart av fire nye kontraktar. For kvartalet enda inntektene på 751,5 millionar og driftsresultatet blei 71 millionar.
Grunna høge finansinntekter enda likevel resultatet før skatt gjekk på minussida med 34,7 millionar, ifølge onsdag (sjå tabell til høgre - under om du les på mobil).
Fjord1-sjef Dagfinn Neteland sa i sin presentasjon onsdag morgon at også dei var påverka av koronakrisa, i første rekke på cateringdrift og turistsegmentet. Han påpeika likevel at dei som leverandør av samfunnskritiske oppgåver, var heldigare stilt enn dei fleste. Det har vore marginale endringar i ferjeproduksjonen, medan cateringaktiviteten vart stengd i andre halvdel av mars for å avgrense spreiing av viruset.

Forseinking på eldrift

På ferjedrifta, som er det største forretningsområdet, har det vore .
– Første kvartal i år bærer preg av forseinkingane og at ladestasjonane kjem i bruk seinare enn tenkt, sa Neteland under presentasjonen.
Reiserestriksjonar for teknisk personell kan også føre til nye forseinkingar for elektrifisert infrastruktur. Det kan igjen føre til utsett oppstart for eldrift på fleire ferjesamband og forplantar seg på ulike vis. Det gir utsett utbetaling av Nox-kompensasjon for nye fartøy og forventa innsparingar i drivstoffutgifter.
Leiinga sa under presentasjonen onsdag at dei rekna med å ferdigstille anlegga som er starta opp i løpet av 2020.

Auka gjeld

Også nivået på den renteberande gjelda blir påverka av forseinkingane, men leiinga seier dei er komfortable med nivået på 5,8 milliardar.
– Netto renteberande gjeld er forventa å auke, men er venta å gå ned i 2020 grunna betre kontantflyt, lågare investeringar samt sal av infrastruktur, heiter det i rapporten.
Konsernet er snart ferdig med nybyggingsprogrammet og no står det berre at to att for levering. Fem nye fartøy blei levert i løpet av kvartalet -

Ga grønt lys for utbyte

Etter at 2019 vart omtala som eit overgangsår, er 2020 rekna som eit oppstartsår.
– Med ein langsiktig portefølje på NOK 22,8 milliardar og spanande langsiktige prospekt i turistindustrien, har Fjord1 eit solid fundament for å navigere i ein noko meir usikker marknad, uttalar Neteland i børsmeldinga.
Generalforsamlinga tysdag ga grønt lys for å ta eit utbyte på inntil 104,5 millionar kroner - som svarar til halvparten av resultatet etter skatt i 2019. Vegard Sævik blei gjenvalt som styreleiar, ifølgje .

Les også:



Fjord 1-sjefen:


Publisert: 13.05.2020 09:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57