Fraa null til ein kvart milliard paa seks aar
NYKOMAR: Felleskjøpet flytta frå industriområde i Ørsta til handelsområde i Furene i Volda. Butikksjef Hilde Kristin Haugen Raudøy fekk fleire privatkundar med ein gong, og Felleskjøpet ventar ein auke i butikksalet med 15-20 prosent på grunn av flyttinga.
Nytt

Frå null til ein kvart milliard på seks år

Det skulle vere industriområde, men blei også handel. Butikkane i Furene i Volda sel for rundt ein kvart milliard i året.

02.07.2015
Då Ingar Teigene i Hareid Elektriske Handel etablerte elektronikk-varehus i Furene i mai 2009 var Tilseth Hagesenter einaste handelsbedrifta på plassen. No har nettopp Felleskjøpet etablert seg på staden, og butikkane i området sel for rundt ein kvart milliard kroner i året. (NETT NO sitt anslag).
Det tilsvarar om lag ti prosent av den samla detalj- og bilhandelen i Ørsta/Volda i følgje tal frå Kvarud Analyse.
I løpet av fem minutts gange rekk du over ein Coop Extra-butikk, to hagesenter, elektronikkvarehus, trelast og byggvarehandel, bildekkforhandler med dekkhotell, det nyopna Felleskjøpet og ein kafe.

Oppsving etter kvart

Teigene er leiar i handelsdivisjonen i Hareid Elektrisk (Hareid Group), som driv Lefdalbutikkar i Ulsteinvik og i Furene i Volda og Elkjøpbutikkar i Ulsteinvik og Ørsta.
Etableringa i Furene vart gjort i trua på at Eiksundsambandet og Kvivsvegen ville gjere området til eit ideelt handelssentrum.
- Den effekten kom litt seinare enn vi hadde trudd. No er vi der vi trudde vi skulle vere, seier Teigene.
Men dei siste åra har oppsvinget kome, og då Eiksundtunellen vart gratis i fjor auka tilstrøyminga også frå ytre søre Sunnmøre, spesielt frå Herøy og Sande.
- Dei som har valet om å svinge til høgre eller venstre ved Garneskrysset, svingar i aukande grad til høgre (mot Ørsta/Volda, red. merk), seier Teigene.

Løftar kvarandre

Trelast- og byggvarehuset og Coop Extra står til saman for rundt halvparten av dei samla driftsinntektene for handelen i Furene.
Butikksjef Sissel Myklebust i Coop Extra hadde ein auke i driftsinntektene på 13,1 prosent førre veke, og meiner ein del av auken kom frå kundar som kom til området på grunn av butikken til Felleskjøpet, som opna veka før.

Tener på konkurrenten

Det beste dømet på korleis bedriftene i området dreg nytte av kvarandre står Tilseth Hagesenter for. Selskapet var først på plassen, og eigarane vart nervøse då konkurrenten Plantasjen etablerte seg rett ved.
Men konkurransen gav fleire, ikkje færre kundar. Tilseth Hagesenter selde for 8,5 millionar kroner og fekk eit resultat på ein million kroner i 2014. Driftsinntektene har aldri vore større, og resultatet i fjor er det tredje beste selskapet har hatt sidan 2005.

Når privatkundar

Nykomaren Felleskjøpet vonar på 15-20 prosent auke i butikksalet etter etableringa i Furene. Butikken held tidlegare til ved sjøen i eit industriområde på sørsida av Ørstafjorden.
- Vi har fått ein heilt annan kvardag enn vi hadde. Meir privatkundar, det betyr mykje, sier butikksjef Hilde Kristin Haugen Raudøy.
Det er både lettare tilgang, godt med parkering og naboskap med fleire andre handelsbedrifter som trekkjer opp, meiner ho.

Publisert: 02.07.2015 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45