Nytt
Frå åtte til 100 millionar på to år
Då brødrene Rune og Yngve Sævik gjekk inn i Ably Medical med to millionar kroner var selskapet prisa til åtte millionar. No er det verdt 100 millionar.
27.08.2019
Sævik-brødrene si investering var avgjerande for utviklinga av sjukehussenga Ably Medical håpar skal gjere livet lettare og betre både for pasientar og pleiarar.
- Utan den tidligfasekapitalen hadde vi ikkje kome dit vi er i dag, sa dagleg leiar, grunnleggar og medeigar Kjell-Are Furnes i Ably Medical til NETT NO i mars 2017.
I fjor gjennomførte Ably Medical ein retta emisjon på sju millionar kroner mot fleire mindre investorar. Då auka Yngve Sævik sitt eigarskapet til 14,58 prosent og søstra Beate Sævik Leikanger kom inn som eigar av 10,8 prosent i Ably Medical. Den emisjonen verdsette selskapet til rundt 30 millionar kroner, i følgje Kjell-Are Furnes.
No har selskapet henta inn 32 millionar kroner frå investormiljøet rundt Pir Invest i ein emisjon som verdset heile selskapet til 100 millionar. kroner.
Selskapet har fått utviklingsavtalar i Canada og målet er blant anna å etablere produksjon på Sunnmøre.
- Utan den tidligfasekapitalen hadde vi ikkje kome dit vi er i dag, sa dagleg leiar, grunnleggar og medeigar Kjell-Are Furnes i Ably Medical til NETT NO i mars 2017.
Inn med to millionar
Sævikbrødrene gjekk inn med til saman to millionar kroner i 2016 og blei eigar av 12,5 prosent av Ably Medical kvar, gjennom sine selskap Havstraumen Invest og Henok.I fjor gjennomførte Ably Medical ein retta emisjon på sju millionar kroner mot fleire mindre investorar. Då auka Yngve Sævik sitt eigarskapet til 14,58 prosent og søstra Beate Sævik Leikanger kom inn som eigar av 10,8 prosent i Ably Medical. Den emisjonen verdsette selskapet til rundt 30 millionar kroner, i følgje Kjell-Are Furnes.
No har selskapet henta inn 32 millionar kroner frå investormiljøet rundt Pir Invest i ein emisjon som verdset heile selskapet til 100 millionar. kroner.
Frå museum til sykehus
Kjell-Are Furnes, Arve Voldsund og Jørn Refsnæs starta selskapet Nouveau - som seinare ble omdøypt til Ably Medical - i 2015. Dei byrja med å utvikle installasjonar for museum, men så raskt at dei kunne ta kunnskapen og ideane sine inn i helsemarknaden.Selskapet har fått utviklingsavtalar i Canada og målet er blant anna å etablere produksjon på Sunnmøre.
Publisert: 27.08.2019 18:45
Sist oppdatert: 31.01.2022 09:08