Fugl Føniks-drivarane startar på nytt
Blir del av anna utestad i Ørsta sentrum.
Drivarane av Fugl Føniks i Ørsta startar opp på nytt som del av Stødt Bar & Scene.
- Fugl Føniks si sjel stig opp igjen av asken. De kan takke Stødt Bar & Scene for at Ørsta igjen får sin kaffibar og møteplass skriv den nedlagde utestaden på sin Facebook-profil.
Melde oppbod i fjor
Fugl Føniks melde som mange hugsar oppbod i mai 2022. I etterkant er eit anna selskap starta ny drift i dei gamle lokala med Tik Restaurant og Cafe.
No skal Fugl Føniks-gründerane Randi og Helge Blichfeldt i staden samarbeide Stødt. Den en kombinerte baren og kulturscena opna i fjor vår og held til ved småbåthamna i Ørsta sentrum.
- Eit nytt og breiare Stødt
Frå påsketider vil Stødt også vere ope på dagtid og det er bygd ny bardisk og kjøken. Det vert også nye møblar og fleire – og meir komfortable sitteplassar.
- Det er lagt ned mykje arbeid i å utvide eit nytt og breiare Stødt, heiter det i meldinga om samarbeidet.
Uteplassen vil framleis vere ope på kveldstid som før, med konsertar, quiz og shuffleboard, ifølgje meldinga.
Publisert: 23.02.2023 14:41
Sist oppdatert: 23.02.2023 15:22