-
Kundane har ikkje merka noko til at vi har hatt økonomiske problem. Vi har levert god kvalitet og på tid. Derimot er det ikkje noko å leggje skjul på at vi var nær ved å havarere.Fuglefjellet tapte totalt seks millionar kroner i åra 2010 til og med 2012. Redninga var Trondheim-selskapet Greenway med Q Free-gründer Kai Bogen som eineaksjonær.
- Greenway gjekk inn med frisk kapital, samstundes som vi fekk sletta gjeld. Dette berga oss.
Toivo Nilsen er opphaveleg frå Evenes ved Narvik, men bur no på Valderøya. Han har bakgrunn som regissør og TV-produsent og har arbeidd for TV2, TV Norge og produksjonsselskapet Mastiff.
Han var innom Fuglefjellet i 2003 til 2004, før han vart kommunikassjonssjef i Odim. I 2010 kom han tilbake til Fuglefjellet, og vart tilsett som dagleg leiar sommaren 2013.
Farmen og Jakten på kjærligheten
Noko av det første han gjorde var å redusere staben frå tretten til ni. I tillegg vart det bestemt å avvikle satsinga på helikopterfilming, der Fuglefjellet i mange år hadde vore av dei store nasjonale aktørane.På kundelista stod mellom anna TV Norge og serier som 71 grader nord og Alt for Norge samt TV2 og serier som Farmen og Jakten på kjærligheten.
I tillegg var den maritime industrien stor kunde, ikkje minst når det galdt filming av båtar.
Stolte over prosjekta
Toivo Nilsen seier at denne satsinga kosta dyrt.- Teknologien er dyr. I tillegg fekk heile mediebransjen nokre tunge år, og budsjettkutt passa dårleg saman med bruk av dyr teknologi.
- Vi jobba med dette i tre år utan å lukkast økonomisk, men vi er uansett stolte over prosjekta vi fekk vere med på.
Sjølv om Fuglefjellet framleis sit på eit unikt materiale med filmmateriale basert på gyroteknologi, leverer ikkje selskapet heliopterfilming i eigen regi. Derimot kjøper ein inn tenester frå andre.
- Vi har gode samarbeidspartnerar på dette, seier Nilsen.
Interaktive salspresentasjonar
Fuglefjellet konsentrerer no satsinga på film og interaktive salspresentasjonar, spesielt innretta mot den maritime bransjen.- Responsen har vore svært god. Vi er mellom anna ‘hoffleverandør’ til Rolls-Royce Marine, men har også omfattande avtalar med Vard, Kleven, Farstad, Hofseth Biocare, Kystverket, Stokke og Hurtigruten.
For ABB leverer Fuglefjellet løysingar både for den norske og den internasjonale delen, og Ålesund-selskapet har også landa store avtalar med Jotun internasjonalt og md britisk Castrol.
- Ja, så langt tyder det på at vi har truffe godt med denne satsinga, seier Nilsen.
Godt synleg i Houston
Han var sjølv nyleg på den store maritime messa i Houston, USA, og talde eit titals selskap som marknadsførde seg med filmar laga av Fuglefjellet.Men i framtida tru han at det vert større satsing på interaktive salspresentasjonar.
- Vi er berre i startfasen når det gjeld bruk av interaktive løysingar. I framtida vil vi sjå løysingar på mange felt der brukaren sjølv tek kontroll over kommunikasjonen.
Fleire tilsette
Nilsen seier at Fuglefjellet har gått i pluss i dei fire første månadene i år, og at selskapet no har fått aksept for å utvide staben frå ni til opp mot tolv i løpet av hausten.- Vi ser no etter dei rette folka å tilsetje.
Hovedeigar Greenway har også sagt ja til at det skal innførst eit bonus- og opsjonssystem for alle tilsette.
- Det er viktig at alle vert med på dette, på like vilkår. Vi er eit godt lag som dreg lasset saman, seier Toivo Nilsen.
Vi er berre i startfasen når det gjeld bruk av interaktive løysingar
Publisert: 23.05.2014 10:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33