Full fart for forflaatar
TRAVELT: Det er ingen problem å få jobbe overtid hos Ulstein Betong Marine. Selskapet er på veg mot sitt travlaste år nokon sinne. Marius Urke borar skrufeste, medan Aleksander Skar Sandvik held luka som skal monterast på fôrflåten på plass.
Nytt

Full fart for fôrflåtar

Skyhøg laksepris gir rekordstor orderbok hos Ulstein Betong Marine.

23.12.2013
- Sånn som det ser ut no så blir det meget travelt i 2014.
Marius Urke og Aleksander Skar Sandvik løftar på plass og monterer ei luke ombord i ein ny fôrflåte til oppdrettselskapet Salmar.
Dagslyset er borte. Dei fleste kollegaene har gått heim for dagen, men Urke og Skar Sandvik jobbar overtid.
- Vi kan nesten få jobbe så mykje som vi vil, seier Urke.

Tok av i sommar

Stigande lakseprisar ut over våren har fått oppdrettarane til å investere i stor stil. .
- Vi merka ei viss interesse ut over våren - og så sa det bang!, seier dagleg leiar Audun Eikrem i Ulstein Betong Marine.
Medan , gir den høge lakseprisen Ulstein Betong nok å gjere.
Neste år budsjetterer selskapet med 60 millionar kroner i driftsinntekter. Det blir ny rekord.
Ordreboka for 2014 er i ferd med å bli full, og selskapet har fôrflåtar i bestilling som først skal leverast heilt slutten av 2014.
Selskapet søkjer etter fleire arbeidarar.

Byggjer ny dokk

Ulstein Betong Marine er eit dotterselskap av Ulstein Betongindustri og ligg ved sjøen i Haddal i Ulstein kommune. Heile konsernet har litt over 50 tilsette, 14 av dei i Ulstein Betong Marine, som akkurat no har det så travelt at dei både må låne folk frå søsterselskap og leige inn arbeidstakarar utanfrå.
Pågangen frå oppdrettsbransjen er ein av grunnane til at selskapet både planlegg ei ny dokk, og med å utvide dokka som alt er på plass.
I dag er kapasiteten fem store fôrflåtar i året. Det er for lite, meiner selskapet.
Ei utvida dokk kan vere klar neste år, og gjere selskapet i stand til kan byggje fôrflåtar og flytkaier/flytemoloar samstundes.
Ei ny dokk kan vere klar i 2015 om alt går knirkefritt.

Tre milliardar

Utstyrsleveransane til den norske oppdrettsnæringa er på rundt tre milliardar kroner i året, i følgje fagsjef Tor Andersen i Havbruksleverandørene, ein underorganisasjon av Norsk Industri.
Både 2012 og 2013 var gode år, og stigande lakseprisar gjer at bransjen ventar enda meir å gjere i 2014.
Gjennomsnittleg ligg overskotet før skatt for bedriftene i bransjen på rundt 6-7 prosent, seier Andersen.
Vi merka ei viss interesse ut over våren - og så sa det bang!

Publisert: 23.12.2013 07:00

Sist oppdatert: 16.07.2021 13:10

Mer om