Full fart hos Vik O Ersta
VELLUKKA TILTAK: For administerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta ser tiltaka for å halde opp aktiviteten i økonomien ut til å gjere 2020 til eit betre år enn selskapet hadde venta før koronaepidemien kom.
Nytt

Full fart hos Vik Ørsta

2020 blir betre enn venta, trass koronokrisa.

08.06.2020
Etter ein auke i salet frå 2018 til 2019 vurderte Vik Ørsta marknadsutsiktene for 2020 slik at det skulle bli ein nedgang i år. Då koronatiltaka kom permitterte selskapet, og hadde på det meste 80 personar i permisjon. Selskapet sysselsette 271 årsverk i 2019.
Permitteringane vart gjort både for å redusere smittefare og fordi selskapet var usikker på korleis marknaden ville utvikle seg.
I dag er alle permitterte tilbake i jobb og fabrikkane i Ørsta og i Vik i Sogn går for fullt.
- No ser det ut som om 2020 blir på høgd med 2019, til trass for koronaen, seier administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta.

Tiltaka virkar

Det er summen av tiltak for å halde oppe aktiviteten i økonomien som slår positivt ut for Vik Ørsta, etter Nesset si vurdering.
- Det har vore høg aktivitet, seier han om utviklinga i marknaden.
Selskapet lagar mellom anna rekkverksystem og lysmaster og der det største selskapet i Saferoad-konsernet.

Styrka konkurranseevne

I fjor kom ei ny produksjonsline for lysmaster i full drift i Ørsta. Den lagar ei lysmast ferdig på to minutt.

Neste steg er å automatisere produksjonen av stålstolpar til rekkverk. Målet er å ha ei ny produksjonsline i drift i fabrikken i Vik i Sogn vinteren 2021.
- Vi står sterkare konkurransemessig enn vi gjorde for fem år sidan, seier Nesset.
I tillegg til automatiseringa er konkurranseevna også styrka av kostnadsauke for utanlandske konkurrentar og at miljøkrav tel meir i anbodskonkurransane.

Sel til utlandet

Styrka konkurransevne slår og ut i større sal til utlandet.
I fjor var eksportandelen ni prosent, opp frå seks prosent i 2018. I realiteten er eksportandlen høgare fordi eksporten går via Vik Ørsta sine utanlandske søsterselskap i Saferoad-systemet, til internprisar i konsernet.
Investeringselskapet FSN Capital - som forvaltar investeringsfond - kom i midten av mai 2018 med eit bod på alle aksjane i Saferoad og tok Saferoad-konsernet av børs.

No ser det ut som om 2020 blir på høgd med 2019, til trass for koronaen

Publisert: 08.06.2020 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58