Fly hoveds
KAUNAS: Passasjarar reiser frå Vigra til Kaunas. Flytrafikken til utlandet går kraftig opp. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Nærmar seg gamle høgder

No reiser vi snart like ofte til utlandet som før pandemien.

10.05.2022

April-tala frå Avinor viser at flytrafikken no er nesten tilbake på det nivået ein hadde før pandemien. Og det er spesielt utanlandstrafikken som aukar.

Tala for Ålesund lufthamn Vigra viser at det totalt reiste 80.398 passasjerar i april, ein auke på 366 prosent samanlikna med april i fjor.

Men for utanlandstrafikken var auken heile 1931 prosent.

Nærmar seg gamle høgder
Lufthamnsjef Tor Hånde opplyser at talet på passasjerar er i ferd med å nærme seg nivået før pandemien.

- Samanlikna med april 2019, er årets passasjertal 10,7 prosent lavere.

Og det er utlandet som står for den største veksten.

- I april reiste 17.585 til og frå Vigra på rutene til Amsterdam, Gdansk, Kaunas, Alicante og charterflya til Gran Canaria.

Store hopp
På Årø lufthamn Molde var det tilsvarande utvikling, med ein vekst på 329 prosent til 29.512 passasjerar.

Også Ørsta Volda lufthamn Hovden og Anda lufthamn på Sandane hadde stor vekst.

På Hovden reiste i april 9.151 passasjerar, ein auke på 146 prosent frå april i fjor. På Anda var talet 3.647, ein auke på 242 prosent.

Totalt reiste 3 692 403 passasjerar til, frå eller via Avinors lufthamner i april 2022. Dette er ein auke på 349 prosent samanlikna med same månad i 2021.

Publisert: 10.05.2022 10:42

Sist oppdatert: 10.05.2022 11:51

Mer om