Full fokus paa aa faa svarte tal
SYKKYLVEN: Karl Inge Rekdal og Sykkylven Stål får ikkje den veksten selskapet hadde planlagd for i år. Det sette korona ein stoppar for.
Nytt

Full fokus på å få svarte tal

Sykkylven Stål skulle omsette for 70 millionar kroner i år. Slik går det ikkje.

26.06.2020
- Nei, no ser vi ut til å lande på rundt 50 millionar kroner, seier adm. dir. Karl Inge Rekdal.
Bakgrunnen er korona og nesten full stopp i eksporten av nye funksjonsløysingar for kvilestolar.
- Mykje skulle gå til Tyskland, men også til andre land, seier Rekdal.

- Skal ha svarte tal

I 2019 omsette selskapet for 54,9 millionar kroner, opp frå 47,9 millionar året før.
Resultatet før skatt vart 0,7 millionar kroner, mot minus 0,6 millionar i 2018.
- Trass problema vi no møter, har vi full fokus på å klare svarte tal også i år.
- Vi snur no alle steinar for å drive så effektivt som muleg, seier Rekdal.

- Grei ordrereserve

Selskapet har ikkje fått nytte av kriseløysingane, trass ein svikt på 15 prosent i omsetninga i mars, og heile 30 prosent i april.

Selskapet har delvis permittert fleire av dei 28 tilsette, men no er dei fleste tilbake for fullt.
- Heldigvis har vi hatt ein grei ordrereserve, seier Rekdal.

Skal vekse

Han ser litt lysning framover hausten.
- Ja, vi ser at aktiviteten er i ferd med å ta seg litt opp att.
- Vi skal vekse, sjølv om veksten no vert litt utsett.
Karl Inge Rekdal og Lars M. Skog eig 62,7 prosent av selskapet gjennom Sykkylven Stål Holding. I tillegg eig Rekdal 9,6 prosent og Skog 2,4 prosent direkte.
Dei øvrige aksjonærane er Tore Jan Skinnes, Helge Tårnes, Hallgeir Tandstad, Raymond Gjerde og Lovise Signe Gjerde.
Selskapet hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 5,8 millionar kroner.
Trass problema vi no møter, har vi full fokus på å klare svarte tal også i år

Publisert: 26.06.2020 09:11

Sist oppdatert: 02.06.2021 12:53

Mer om