Full gass i hyttemarknaden
SATSAR PÅ STRANDA: Martin Vollen er ein av dei større aktørane i hyttemarknaden på Strandafjellet.
Nytt

Full gass i hyttemarknaden

Martin Vollen ser ingen teikn til koronabrems i hyttemarknaden og har ventelister på tomter.

17.06.2020
Vollen er ein av dei største aktørane i hyttemarknaden på Strandafjellet gjennom Mivo Holding-konsernet.
Mivo Holding-selskap kjøper, regulerer, opparbeidar og sel ut hyttetomter. Det er investeringar som går over fleire år før gevinsten kan haustast. I fjor selde eitt av datterselskapa, Hevsdalen as, ut dei siste tomtene i sitt felt, i år er målet å legge ut 19 tomter i regi av datterselskapet Ringstadsætra Hyttegrend as.
- Eg har ventelister, seier Vollen.

Ingen negativ effekt

Dei som ikkje bur i Stranda blei nekta å bruke hyttene sine før og under påske på grunn av smitteverntiltaka mot koronaepidemien. Vollen har ikkje registrert nokon teikn på at epidemien har påverka hyttemarknaden negativt.
I tillegg til dei 19 tomtene til Ringstadsætra Hyttegrend as arbeider Vollen med planar om ytterlegare rundt 50 tomter i regi av eigne selskap og eit leilegheitsprosjekt med 20 leilegheiter i samarbeid med ein annan investor.

Rorbuer

Neste år håpar han og ha klart eit rorbuprosjekt ved Hundeidvika, i regi av datterselskapet Hjørundfjord Panorama.
Eigedom er hovudverksemda til selskapa i Mivo Holding-konsernet, med Møre Motor som unntak.
Det er eit selskap som er eit resultat av Vollen si motorinteresse og lyst til også drive med noko der kjøp og sal går kjappare enn i eigedomsbransjen. Møre Motor har seld fabrikknye vare- og lastebiler frå Iveco sidan 2017 og ligg så langt i år an til meir enn ei dobling frå 2019.
Tabellen til denne artikkelen viser tal for dei tre selskapa i Mivo Holding-konsernet med høgast driftsinntekter i 2019. På mobil finn du tabellen nederst på sida.

Publisert: 17.06.2020 13:00

Sist oppdatert: 12.05.2021 11:27

Mer om