Full pott paa prisutdeling
KLASSIKARPRIS: Fora Forms Pål Eid-Hviding tok i mot Klassikerprisen for stolen City. Her saman med Ragnhild Grytten og Egil Sundet i Designindustrien.
Nytt

Full pott på prisutdeling

Sunnmørsbedrifter kapra to av to moglege prisar under prisutdeling for designindustrien.

Marius Rosbach
10.12.2020

Ekornes i Sykkylven vann eksportprisen og Fora Form i Ørsta fekk klassikarprisen for City-stolen torsdag.

Til saman fire bransjeprisar blei delt ut i eit digitalt medlemsmøte for Designindustrien. Då hadde en fagtung jury vurdert eit finaleheat beståande av 10 norske møbel- og designprodusentar.

– I ein stadig meir framoverlent og spennande møbel- og designindustri, skil desse to bedriftene frå Møre og Romsdal seg ut i år. Ekornes leverer glimrande eksportresultat, og Fora Form gir ny relevans til ein designklassikar, seier Egil Sundet som leiar Designindustrien, ei bransjeforeining i Norsk Industri i ei pressemelding.

Sterke konkurrentar

City-stolen til Fora Form blei relansert i 1994 og konkurrerte mot sølvvareprodusenten Arven og møbelstoffprodusenten Gudbrandsdalens Uldvarefabrik.

I kampen om eksportprisen var Ekornes nominert saman med utemøbelprodusenten Vestre, regnkle og kalosjeprodusenten Swimms og matteprodusenten Heymat.

Årets Produkt blei «Porselen for alle» frå Figgjo, og Swims blei årets merkevare.

Har auka bemanninga

NETT NO har fleire gonger omtala auken i aktivitet hos Ekornes-konsernet, som har bemanna opp staben kraftig i løpet av sommaren og hausten.

Hos Fora Form med hovudkontor i Ørsta har salet av lause møblar vore god i år. Totalt kjem bedrifta likevel ikkje opp mot inntektene frå rekordåret 2019.

Også ein rekke andre bransjar har fått auke som følgje av meir heimetid hos folk flest. Møbelsalet frå fysiske butikkar innanlands, har likevel peika nedover.

I ein stadig meir framoverlent og spennande møbel- og designindustri, skil desse to bedriftene frå Møre og Romsdal seg ut

Publisert: 10.12.2020 15:56

Sist oppdatert: 22.04.2021 11:59