Nytt
Full stopp frå Asia
Nå har hotelldirektør Sindre Mjelva fått stadfesta det han har innstilt seg på ei god stund. Turiststraumen frå Asia kjem ikkje i år heller.
05.02.2021
- Vi fekk akkurat beskjed i dag frå ein stor aktør i Asia at Asia utgår, seier Mjelva.
Før koronaen sto turistane frå Asia 15-20 prosent av inntektene, anslår Mjelva. I tillegg til kom asiatane gjerne utanom den norske toppsesongen og heldt aktiviteten oppe vår og haust. Etter meldinga i dag seier Mjelva at å belage seg på eit stort internasjonalt innrykk "er å tru på julenissen".
2021-sesongen blir som 2020-sesongen, der reiselivsnæringa må basere seg på norske gjestar. Sindre Mjelvas ektefelle og meddrivar, Monja Mjelva, sa alt i fjor haust at ho ikkje rekna med stort utenlandsk besøk i 2021-sesongen.
Det er også den vegen Hotel Union Geiranger vil gå.
- Ein bør satse på turistar som er meir kjøpekraftige, seier Sindre Mjelva.
Det er reiselivsdirektør Gunther Dahler, som eig Hotell Geiranger, samd i.
Det er viktig å samarbeide som ein destinasjon og ein må tenkje seg godt om dersom ein satsar på å få tilbake turiststraumen til Geiranger slik den var samansett før koronakrisa.
- Geiranger treng ikkje fleire besøkande, men dei rette gjestane til rett tid, gjennom heile året, sa Dahler til NETT NO i januar i år.
Før koronaen sto turistane frå Asia 15-20 prosent av inntektene, anslår Mjelva. I tillegg til kom asiatane gjerne utanom den norske toppsesongen og heldt aktiviteten oppe vår og haust. Etter meldinga i dag seier Mjelva at å belage seg på eit stort internasjonalt innrykk "er å tru på julenissen".
2021-sesongen blir som 2020-sesongen, der reiselivsnæringa må basere seg på norske gjestar. Sindre Mjelvas ektefelle og meddrivar, Monja Mjelva, sa alt i fjor haust at ho ikkje rekna med stort utenlandsk besøk i 2021-sesongen.
Betalte godt
Den norske feriesesongen på omlag seks veker blei svært god i fjor, takka vere norske gjestar. Sindre Mjelva seier at om reiselivet kunne klare å få gjester med slik betalingsvilje og -evne ville reiselivet kunne bidra med enda meir inntekter og arbeidsplassar.Det er også den vegen Hotel Union Geiranger vil gå.
- Ein bør satse på turistar som er meir kjøpekraftige, seier Sindre Mjelva.
Tek tid
Å bygge opp ein marknad for betre betalande gjestar tek tid, og er lettare om heile reiselivet arbeider saman mot det same målet, etter Mjelva si vurdering.Det er reiselivsdirektør Gunther Dahler, som eig Hotell Geiranger, samd i.
Det er viktig å samarbeide som ein destinasjon og ein må tenkje seg godt om dersom ein satsar på å få tilbake turiststraumen til Geiranger slik den var samansett før koronakrisa.
- Geiranger treng ikkje fleire besøkande, men dei rette gjestane til rett tid, gjennom heile året, sa Dahler til NETT NO i januar i år.
Publisert: 05.02.2021 15:56
Sist oppdatert: 02.06.2021 12:28