Full stopp i ti dagar
FISKEFOREDLING: Waterline blei starta i 2003 og leverer ulike type frysevarer av fisk og sjømat, som laks og kvitfisk. 
Nytt

Full stopp i ti dagar

Fiskeforedlingsbedrifta på Eidsnes har knapt vore ramma av koronapandemien, før dei no står midt i eit utbrot.

Marius Rosbach
04.02.2021
Torsdag kom meldinga om at minst 13 personar hadde , og at utbrotet er knytt til fiskeforedlingsbedrifta Waterline i Sula.
Dagleg leiar Karl-Johan Dybvik fortel til NETT NO at det har vore hektiske timar med å hjelpe til med smittesporing.
– Vi jobbar tett saman med kommuneoverlegane i Sula og Ålesund for å kartlegge situasjonen og finne smittevegen, fortel han.
I pressemeldinga frå kommunane blir det påpeika at leiinga har teke saka på høgste alvor og medverka til effektiv smittesporing. Torsdag ettermiddag opplyser om eit nytt smittetilfelle, som er kopla til utbrotet.
Samtidig blir det påpeika at det ikkje er mistanke om at det dreiar seg om ein mutert variant.

Kring 25 tilsette busett lokalt

I produksjonen er det no full stopp og ingen av dei kring 25 tilsette er på jobb. I staden blir det karantene og testing dei neste dagane. Fleire av dei tilsette er mellom dei smitta.
– No er vi nøyd til å stoppa i ti dagar minst, så får vi sjå korleis situasjonen utviklar seg dei neste dagane, fortel Dybvik.
Dei aller fleste tilsette er busett lokalt. Alle tilsette og personar i husstanden til dei som testa positivt, er no testa - og nærkontaktar sett i karantene. Ved skulane i kommunen er elevar sett i karantene og testa. Ingen av desse hadde tidleg torsdag testa positivt.
Dybvik fortel at den siste tilsette som har kome til bedrifta frå utlandet, kom i romjula og kunne vise til en negativ test frå eit polsk sjukehus. Den tilsette opphaldt seg i karantene etterpå, og det skal ikkje vere mistanke om det vedkomande er kjelda til smitten som, no har spreia seg.

Har merka lite av pandemien til no

Eidsnes-bedrifta har i liten grad vore råka av koronapandemien til no. Dybvik fortel at dei hadde noko nedgang i omsetninga i fjor vår, då dei strengaste smitteverntiltaka blei sett inn verda over.
– Elles har det vore rimeleg greitt, og vi har ikkje merka så mykje. Vi har stort sett jamn produksjon gjennom heile året, og ingen typisk sesongproduksjon, fortel han.
Dei leverer ulike type frysevarer av fisk og sjømat, mellom anna kvitfisk og røykalaks. Dei gjer alt frå filetering, røyking og pakking sjølve.

Stor auke i omsetning siste åra

Waterline blei starta av brørne Karl-Johan og Kurt Dybvik saman med Asgeir Dybvikstrand for snart 20 år sidan.
Dei siste åra har bedrifta opplevd kraftig vekst. Kring 2015 gjorde dei eit byks til om lag 50 millionar i omsetning – og siste offentlege rekneskap viser ei omsetning på nær 75 millionar kroner i 2019.
Dei har ikkje hatt underskot sidan 2010.

Les også:






Vi har stort sett jamn produksjon gjennom heile året, og ingen typisk sesongproduksjon

Publisert: 04.02.2021 12:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14