Fullautomatisert fabrikkskip like om hjoernet
FÅR DEI SELSKAP AV FLEIRE?: Storparten av nybygga i trålarflåten dei siste åra har blitt bygd for å fryse heil, sløyd fisk for tining og bearbeiding på land. Ramoen-eigarane Per Magne Eggesbø, Knut Vartdal og Atle Vartdal valde likevel å halde på filetproduksjon ombord også i sin siste versjon av Ramoen, som blei levert i 2016. Manuelle arbeidsoperasjonar har gjort filetproduksjon ombord meir arbeidskrevande samanlikna med å fryse sløyd fisk, men det kan det bli slutt på no.
Nytt

Fullautomatisert fabrikkskip like om hjørnet

I fleire år har Optimar arbeidd for eit comeback for filetproduksjon til sjøs. Neste år skal selskapet teste den siste delen som må til for å automatiserere heile produksjonsprosessen ombord.

09.01.2020
- Dette er den verkleg store missing linken i ombordproduksjon, seier teknisk direktør Peder Stette i utstyrsleverandøren Optimar til NETT NO.
Han snakkar om ein robot som kan sortere og pakke ferdige filetar ombord i ein trålar eller ein linebåt. Prototypen er klar for testing på land i år. Neste år skal den testast ombord i ein båt.
Saman med ein robot som sorterer fisken etter art og storleik - som Optimar lanserer i år - automatiserer den komande filethandteringsroboten heile prosessen frå fisken kjem ombord til den blir levert på kaia.
- Dette er comebacket for filetproduksjon ombord, seier Stette, som snakka om komande teknologi i sjømatnæringa på Ombordfrystkonferansen i Ålesund i dag.
Alt i 2015 snakka Optimar om at selskapet jobba for at ombordproduksjon skulle kome tilbake.

Krympa flåte

Fabrikktrålflåten, som fileterer og pakkar ombord, er krympa til to-tre farty. I tillegg blir det og produsert filetar på nokre linebåtar.
Dei fleste trålarane som er bygd dei siste åra er utstyrt for å fryse ned sløyd fisk, for bearbeiding i anlegg på land. Grunnen er mellom anna av filetproduksjon ombord krev eit større mannskap.
Lukkast Optimar med testinga av roboten som kan sortere og pakke ferdige filetar vil det endre marknaden i favør av fiskefarty med filetproduksjon ombord.

Kamerateknologi

Kamerateknologi er ein av nøkkelen for at Optimar meiner å ha lukkast med å heilautomatisere filetproduksjonen ombord. Kamerateknologien i kombinasjon med kunstig intelligens gjer det råd for robotane å sjå og vurdere korleis fisk og filetar skal sorterast og handterast.
Selskapet har utvikla sitt eige kamerasystem for å kunne laga automatiseringsløysingane sine.

Dette er den verkleg store missing linken i ombordproduksjon

Publisert: 09.01.2020 15:04

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:53

Mer om