Fullautomatisert om tre aar
TRE ÅR: Dagleg leiar Knut Steinnes får den første robotcella på plass i produksjonen i haust. Selskapet har arbeidd i fleire år med å utvikle system som gjer automatiseringa mogleg.
Nytt

Fullautomatisert om tre år

I løpet av tre år skal transportkasseprodusenten Rufo ha fullautomatisert heile produksjonen.

18.06.2018
Dei siste åra har Rufo.no as bruk omlag to årsverk på å utvikle og teste nye dataprogram som gjer det råd bruke robotar i heile produksjonen.
Til hausten kjem den første robotcella på plass i produksjonshallen i Hovdebygda i Ørsta. Den skal lage aluminiumsprofilane på kassene.
Neste steg er å automatisere produksjonen av platene som blir til botn, veggar og lok på kassene. Siste steg er å automatisere også monteringa. Håpet er å vere ferdig i 2021, seier dagleg leiar Knut Steinnes.

Langvarig arbeid

Det siste halvåret har tre bachelorstudentar ved NTNU i Ålesund vore i sving med å teste om Rufo sine datasystem verkar etter planen.
I dag kan kundane og Rufo legge inn spesifikasjoner på bestillingane direkte i datasystemet. Alle delane som blir brukt er det laga digitale kopiar av, slik at konstruksjon og ordrebehanding går mykje raskare enn når kassene måtte teiknast for hand.
Det som no skal skje er å knytte saman systema for ordremottak, bestillingar og konstruksjon med produksjonsstyringssystem. Å få til det har vore avgjerande for å kunne automatisere produksjonen, seier Steinnes.

Vekst

Rufo auka driftsinntektene til 22,4 millionar kroner i fjor, men utviklingskostnadane trekkjer overskotet ned (sjå tabell), seier Steinnes.

I år er budsjettet 27,5 millionar kroner i driftsinntekter. Så langt i år har driftsinntektene utvikla seg som budsjetter, ifølgje Steinnes.

Publisert: 18.06.2018 13:03

Sist oppdatert: 14.04.2023 12:05

Mer om