Fullt hus for Hexagon Purus
I BOKS: Kapitalinnhentinga til datterselskapet Hexagon Purus ser ut til å vore vellukka for Hexagon Compositessjef Jon Erik Engeset.
Nytt

Fullt hus for Hexagon Purus

Selskapet fekk pengane det ville ha før børsnotering og er no verdsett til 5,5 milliardar. 

03.12.2020
Torsdag ettermiddag klokka 16:30 gjekk fristen ut for å teikne seg i den i den retta emisjonen i hydrogenselskapet Hexagon Purus.
Etter det NETT NO erfarte var kapitalutvidinga på 750 millionar kroner fullteikna allereie etter ein time onsdag.
Litt etter klokka 22 torsdag kom som stadfesta at emisjonen var i boks.

Skil ut hydrogenselskap

Målet med kapitalutvidinga var å få inn 750 millionar kroner i ny eigenkapital til ein aksjekurs som verdsette Hexagon Purus til minst ein stad mellom fem og 5,5 milliardar kroner.
Ifølgje detaljane i børsmeldinga er selskapet verdsett til 6,25 milliardar etter emisjonen.

Hexagon Composites vil vere dominerande eigar i Hexagon Purus også etter kapitalutvidinga - og etter at Hexagon Purus blir notert på Oslo Børs, truleg rundt 14. desember.

Vekstmarknad

Medan Hexagon Compositets lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, gjer Hexagon Purus tilsvarande for bruk av hydrogen.
Poenget med å skille ut hydrogensatsinga er mellom anna at Hexagon Composites-eigarane meiner dei får opp verdiane sine ved ei deling, samanlikna med å halde alt samla i eitt selskap, samstundes at dei to selskapa lettare kan reindyrke sine satsingar kvar for seg.

Over 11 milliardar

Hexagon Composites, der Flakk-familien i Ålesund er stor aksjonær, vart i dag handla til 56,35 kroner pr. aksje, som verdset heile selskapet (medrekna Hexagon Purus ) til 11,4 milliardar kroner.
I mars i år, like etter at koronaepidemien kom, fall kursen ein kort periode under 20 kroner pr. aksje.

Publisert: 03.12.2020 22:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07