Fiskebåt, Norges Sjømatråd og Nordea arrangere Ombordfryst-konferansen for 10. gang i Ålesund torsdag.
450 er påmeldt og folk har sett seg på venteliste for å bli med. Konferansen startar klokka 10.00.
Følg direktesending frå konferansen her (ekstern lenke)
På programmet står mellom anna konsekvensen av nedgangen i torskekvotane og korleis næringa kan handtere at det i år er store kutt i torskekvota for tredje år på rad.
Les programmet her (ekstern lenke)
På konferansen skal Nofima legge fram ein ny analyse av ringverknadane av fiskeria. Det er óg sett av ein eigen bolk i programmet til å belyse konsekvensar av bruk av kunstig intelligens til sjøs og i fiskeindustrien.
Den siste bolken i programmet handlar om marknadsutvikling, mellom anna for reker, klippfisk og frosne sjømatprodukt
Publisert: 09.01.2025 09:26
Sist oppdatert: 09.01.2025 10:20