– Det har vore ei veldig bra messe hittil, seier dagleg leiar Sivert Sande i Sjømatbedrifta Finefish i Sande.
Han tok over som dagleg leiar i selskapet i fjor, og er på sitt første besøk på den internasjonale sjømatmessa i Barcelona. Selskapet er derimot ingen nykomar på messa, har eigen stand og stiller med ni personar på messa.
Alle dei ni var i full sving samstundes då pågangen på standen var på det høgaste tysdag.
Godt nøgd
Nettverksbygging og det å møte kundar og leverandørar, er poenget med å dra til Barcelona, seier Sande.
Selskapet har sikra seg stand på same plass som i fjor. Sande er godt nøgd både med messeområde og plasseringa av standen.
Ei rekkje bedrifter frå Nordvestlandet er på plass på Barcelona-messa, som opna tysdag denne veka og blir avslutta i morgon, torsdag 8. mai.
Statsrådbesøk
– Sjømatmessa er ein viktig møteplass først og fremst for næringa, men òg for oss politikarar. Dette er Noregs nest største eksportnæring. Med handelskrig og uro i verdshandelen er møtepunkt som dette viktige, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.
Sivertsen Næss besøkte messa tysdag og hadde eit møte med fleire norske sjømataktørar.
Over 120 norske bedrifter deltok på messa, som reknar med å ha 35.000 besøkande.
Deltek utan stand
Under ser du ei oversikt over bedrifter som stiller med stand på messa.
Fleire bedrifter reiser til Barcelona utan å ha eigen stand, og brukar messa på møte og kontakt med kundar og samarbeidspartnarar.
Deltakarane frå Nordvestlandet:
Ser du nokon som manglar på lista? Gi oss ei melding på redaksjon@nett.no
- Bluewild as, Ålesund
- Brødene Sperre as, Ålesund
- Coast Seafood as, Måløy
- Coldwater Prawns of Norway as, Ålesund
- Domstein Fish as, Måløy
- Domstein Sjømat as, Måløy
- Finefish as, Sande
- Fosnavaag Pelagic as, Herøy
- Global Fish, Måløy
- Jangaard Export as, Ålesund
- Leinebris as, Herøy
- Mathias Bjørge as, Ålesund
- MMC Frist Process as, Herøy
- Nils Sperre as, Ålesund
- Nor Seafoods as, Ålesund
- Nordic Wildfish Sales as, Giske
- Normarine as, Ålesund
- Norsk Sjømat as, Stranda
- Ode as, Ålesund
- Optimar as, Giske
- PHL Seagold as, Herøy
- Polar Seafrozen as, Herøy
- Salmon Evolution asa, Hustadvika
- Sevrin Tranvåg as, Sula
- Silver Seafood as, Molde
- Sjømatkompaniet as, Ålesund
- Star Seafood as, Måløy
- Thermo-Transit Norge as, Ålesund
- Vild Seafood, Ålesund
- Villa Seafood as, Ålesund
- Vikenco as, Aukra
- Vikomar as, Hustadvika
- West-Norway as, Ålesund
Publisert: 07.05.2025 10:35
Sist oppdatert: 07.05.2025 12:24






