Furene montasje hallstein saunes foto ogne furene 11
NY SJEF: Hallstein Saunes tok nyleg over som ny administrerande direktør ved Furene. Han kom frå stillinga som dagleg leiar i Link - som har drifta statlege flyktningmottak. Foto: Ogne Øyehaug/Furene
Nytt

Fekk mange i arbeid trass pandemi

Utfordringane var store under pandemien, men likevel fekk 200 personar ved arbeids- og inkluderingsbedrifta Furene arbeid i fjor.

14.10.2021

Dette er styret svært godt nøgd, vert det slått fast i årsrapporten.

Der går det fram at omsetninga kom opp i 56,8 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 3,4 millionar. Begge deler var litt svakare enn året før.

(saka held fram etter tabellen)

Furene (konsern)
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 56,8 57,6
Driftsresultat 2,5 3,4
Resultat før skatt 3,4 4,4

Eit spesielt år
Men styret viser til at 2020 var eit spesielt år der store deler av arbeidsmarknaden var prega av permitteringar og usikkerheit. I tillegg var det strenge reglar rundt smittevern som påverka bedriftene si mulegheit til å ta imot personar til utprøving og opplæring i arbeid.

Like fullt gjekk 51 prosent av dei som avslutta tiltak i Furene over til utdanning og arbeid i 2020.

Ser betring
Styret skriv at starten på 2021 også har vore utfordrande, blant anna med redusert aktivitet i viktige produksjonsområde som montering og transfertrykk.

Men etter kvart har omsetninga betra seg, og framover ventar ein god aktivitet.

Sunnmøre og Nordfjord
Totalt var 746 personar innom Furene i fjor. Bedrifta har hovedkontor i Furene industriomåde i Volda, med avdelingskontor i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik.

Bedrifta er eigd av Norges handikapforbund, Møre og Romsdal fylkeskommune og elleve kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord.

Furene har ein samla eigenkapital på 88,2 millionar kroner og null i langsiktig gjeld.

Publisert: 14.10.2021 13:57

Sist oppdatert: 15.10.2021 15:40