Fylkesprotest mot dyrare ferjebillettar
Framlegg frå Statens Vegvesen vil råke pendlarane, konkluderer Møre og Romsdal fylkeskommune.
Folk som brukar mykje ferje har Autopass-avtalar som gir halv pris i høve til ein fullprisbillett. Det kan det bli endringar på, ifølgje framlegget frå Statens Vegvesen.
Framlegget er no ute til høyring og skal overleverast til Samferdselsdepartementet neste år.
Framlegget til ein ny takst- og rabattstruktur på ferjebillettar vil gjera at Autopass-brukarane kjem til å måtte betale meir - om framlegget bli sett ut i livet. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i eit framlegg til høyringssvar, som skal handsamast i samferdselsutvalet i fylket 1. desember.
Prisauke uansett
Autopass-brukarane kjem ifølgje fylkeskommunen til å få ein prisauke på 33 prosent i høve til dagens takstnivå. Dei kjem til å få dyrare ferjereiser også samanlikna med dei nye og billegare ferjeprisane som skal gjelde frå starten av 2022.
Det er ei mager trøyst at gjennomsnittstakstane går ned.
«17 prosent generell prisnedgang er eit skritt i den retninga, men ikkje når dette blir finansiert av prisauke for pendlarar gjennom at dei får redusert rabatt», heiter det i framlegg til høyringsvar.
Ekstrarabatt på favorittsamband
I framlegget frå Statens Vegvesen er det ein detalj som likevel kan gjere at ikkje alle autopassbrukarar kjem dårlegare ut, at rabatten i høve til ein fullprisbillet kan bli på 60 prosent - på inntil tre samband. Dei tre sambande kan kunden få velje sjølv.
"Av tiltakene som blir vurdert i rapporten til Oslo Economics, blir dette tiltaket trukket frem som det tiltaket som bør prioriteres dersom formålet er at pendlere skal komme bedre ut.", heiter det i framlegget. (Oslo Economics har gjort analyser og berekningar på oppdrag for Statens Vegvesen)
Publisert: 24.11.2021 17:14
Sist oppdatert: 24.11.2021 17:32