Fylkesutvalet vidarefoerer ferjekutt
Nytt

Fylkesutvalet vidarefører ferjekutt

Nyttar ekstratilskott frå staten til å sette ned ferjetakstane ut året.

Marius Rosbach
03.06.2020
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vil ikkje auke ferjetakstane tilbake til «før-koronanivå» med det første.
Tidlegare i år gjekk med kring 20 prosent, eller to takstsoner fram til sommaren.
Kristin Sørheim (Sp) la fram forslag om å halde fram med ferjetakstar som no, og viste til at fylkeskommunen hadde for overgangen til meir miljøvennlege ferjer.
– Det var det vi lova, at viss det kom pengar frå staten, så skulle dei brukast til å sette ned ferjetakstane, påpeika Sørheim i møtet.

Ville ikkje skønnmale

Sørheim bad samtidig om at administrasjonen ikkje la inn ekstra midlar i budsjettet for 2. halvår, før fylke hadde fått stadfesta at dei fekk meir midlar.
Ho ville at det skulle bli synleggjort for sentrale politikarar at fylkespolitikarane meiner det framleis er eit gap mellom kostnaden med miljøferjer og kva staten vil løyve.
– Vi skal ikkje skjønnmale situasjonen for fylkeskommunane, påpeika Sørheim.
(ekstern lenke)

Samrøystes vedtak

Både Anders Riise (H) og Frank Sve (Frp) sa seg svært nøgd med at posisjonspartia i fylkespolitikken hadde landa på å droppe ei auke i takstsonene – slik desse partia tidlegare har teke til orde for.
Sve ville også ha inn ei reversering av skulekutta fylkespolitikarane gjorde mot slutten av fjoråret, sjølv om han ikkje rekna med å få fleirtal på det. Det fekk han ikkje heller.
Både Høgre og Framstegspartiet blei med som forslagsstillar saman med posisjonspartia Ap, Sp, KrF, SV, MGD og Venstre. Vedtaket var ramsøystes.

Les også:



(ekstern lenke)

Publisert: 03.06.2020 11:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58