Fylket vil flytte til Sørsida
100 fylkeskommunalt tilsette skal få fart på utbygginga i Ålesund.
Møre og Romsdal fylkeskommune vil flytte ut av lokale fylkeskommunen leiger i Ålesund i dag og inn i bygg i bydelen Sørsida, som er under planlegging i Ålesund.
Ei slik flytting vil gi leigeinntekter til prosjektet og vere eit bidrag frå fylkeskommune for å finansiere utbygginga. Det går fram av saksframlegget til ei orienteringssak til fylkesutvalet, som skal møtes 1. juni.
Fylkeskommunen har 100 tilsette i administrative stillingar lokalisert på ulike stadar i Ålesund.
Mindre risiko
- Eit større innslag av offentlege leigeavtalar i eit byggeprosjekt reduserer den økonomiske risikoen for både investor og utbyggar vesentleg. Derfor vurderer vi det som gunstig å samle nokre av leigeavtalane som i dag er spreidd rundt i Ålesund for så å lyse ut ein langsiktig leigeavtale på Sørsida, seier Per Olaf Brækkan, bygg- og eigedomssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, i ei pressemelding.
Fylkeskommunen legg til grunn av fylket skal leige toppetasjane medan dei lågare etasjene skal brukast til kulturformål.
Avgjort i år
Etter at intensjonsavtalen vart godkjent i september i fjor, vart det oppretta ei prosjektgruppe leia av Sørsida Utvikling AS der Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune er med.
- Etter denne reorganiseringa, har arbeidet med Sørsida hatt ei betre framdrift, og det er eit mål å legge fram funksjonsprogram for Sørsidebygget til politisk behandling i desember 2021, seier Brækkan i pressemeldinga.
Publisert: 26.05.2021 11:07
Sist oppdatert: 26.05.2021 15:53