Nytt
Får 15 millionar til marint forskingssenter
Måløy Marine Ressurssenter er strålande nøgde etter at fylkestinget i Sogn og Fjordane onsdag vedtok å løyva 15 millionar kroner til eit marint forskingssenter.
05.12.2018
NPK-NETT NO: – Vi er svært nøgde og vil rosa fylkespolitikarane våre, skriv dagleg leiar Randi Humborstad for Måløy Vekst og dagleg leiar Roger Bergset for Stiftelsen Måløy Marine Ressurssenter i ei pressemelding.
– No kan vi gå i gang med å skapa eit marint forskingssenter i Sogn og Fjordane. Eit slikt senter vil skapa mange attraktive arbeidsplassar, eit meir variert arbeidsliv og eit levedyktig samfunn på kysten, heiter det vidare.
Næringslivet meiner forsking og utvikling er svært viktig for utviklinga av bedrifter og samfunn på kysten.
– Det er eit sterkt ønske å kunna kjøpa denne typen tenester frå vår eigen region, heiter det.
Etter vedtaket i fylkestinget håpar initiativtakarane at kommunar og lokale bankar vil følgja opp med vidare støtte.
Det lokale næringslivet har no tre doktorgradsstudentar fra NMBU og Norges Veterinærhøyskole, og enda fleire kan det bli, blir det opplyst.
Initiativtakarane meiner at regionen vil etter kvart vil kunne få eit stort student- og forskarmiljø.
– No kan vi gå i gang med å skapa eit marint forskingssenter i Sogn og Fjordane. Eit slikt senter vil skapa mange attraktive arbeidsplassar, eit meir variert arbeidsliv og eit levedyktig samfunn på kysten, heiter det vidare.
Nærings-initiativ
Det er næringslivet i Sogn og Fjordane som har teke initiativ til å skapa eit marint forskingssenter i Måløy.Næringslivet meiner forsking og utvikling er svært viktig for utviklinga av bedrifter og samfunn på kysten.
Håper på meir støtte
Det blir peikt på at marine bedrifter i fylket brukar slike tenester i stort omfang, men at næringslivet i dag må kjøpa desse tenestene utanfor fylket.– Det er eit sterkt ønske å kunna kjøpa denne typen tenester frå vår eigen region, heiter det.
Etter vedtaket i fylkestinget håpar initiativtakarane at kommunar og lokale bankar vil følgja opp med vidare støtte.
Tre doktorgradsstudentar
I pressemeldinga blir det vist til at lokale næringsaktørar som Marine Harvest, Ervik Havfiske, Onshore Farming Solutions og Ecobait vil bli store brukarar av Måløy Marine Ressurssenter, og dermed bidra til å sikre inntektsgrunnlaget for senteret.Det lokale næringslivet har no tre doktorgradsstudentar fra NMBU og Norges Veterinærhøyskole, og enda fleire kan det bli, blir det opplyst.
Initiativtakarane meiner at regionen vil etter kvart vil kunne få eit stort student- og forskarmiljø.
Publisert: 05.12.2018 16:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28