Faar 800 1000 kroner dagen per tilsett
GIR STØTTE: Statsminister Erna Solberg viste at regjeringa var på gli i spørsmålet om å dekke utgiftene til verfta, då ho besøkte Vard Brattvaag førre veke. Tysdag kjem svaret. 
Nytt

Får 800-1000 kroner dagen per tilsett

Verft med store utgifter til smittevern bønnhøyrde i ny krisepakke.

Marius Rosbach
10.11.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Som statsministeren førre veke, vil regjeringa likevel dekke ein del av utgiftene bedrifter har til smitteverntiltak.
Iselin Nybø (V) seier i eit intervju med at regjeringa i krisepakka som blir lagt fram klokka 12 tysdag, sin legg opp til ei ordning på 480 millionar kroner. Det er ei generell ordning som gjeld alle bedrifter som organiserer karanteneordningar sjølv.
Til avisa opplyser næringsministeren at bedriftene som no er ramma av at utanlandsk arbeidskraft er sette i innreisekarantene, skal få støtte på 800 til 1.000 kroner dagen per tilsett for å kompensere for nokre av utgiftene som koronatiltaket medfører.

Store utgifter for verfta

Særleg verftsnæringa på Nordvestlandet har hatt store utgifter til både innlosjering og koronatestar, heilt siden pandemien slo til i mars.
Mellom anna Vard har etterlyst ei slik støtte til å dekke utgiftene. Dei har utgifter til smitteverntiltak på kring ein halv million kroner dagleg. I førre veke hadde utgiftene
Det går ikkje fram av VG-intervjuet om støtte vil gjelde for allereie påløpte utgifter. Fleire detaljar om krisepakke som i første rekke er venta å treffe reiseliv og arrangment-bedrifter, blir først kjent ved 12-tida.
  • (ekstern lenke)

1500 per dag til karantenehotell

Frå før har staten allereie gått inn med ein god del midlar til karantenehotell. Justisminister Monica Mæland (H) sa måndag at eigendelen på karantenehotell for arbeidsgivarar er på 1.500 kroner døgnet.
– Dette er tiltak som er heilt nødvendige for at vi skal få og ha kontroll på koronasmitten. No stiller vi opp med pengar for å lempe litt på kostnadene, seier Nybø til avisa.

Les også:


Listhaug:


(©NPK)

Publisert: 10.11.2020 15:57

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:18