Faar batteri i tre PSV ar etter Equinor kontrakt
SØSTRE: Dei Ulstein-bygde søsterskipa Rem Hrist og Rem Mist får no installerte batteripakkar om bord.
Nytt

Får batteri i tre PSV-ar etter Equinor-kontrakt

Remøy Shipping installerer batteripakkar i sine tre PSV-ar. Vard Electro fekk kontrakten.

28.01.2019
Fosnavåg-baserte Remøy Shipping fekk rett før jul stadfesta 3-års opsjonsperiodar med Equinor for PSV-ane Rem Eir, Rem Hrist og Rem Mist.
For å oppfylle kontraktsvilkåra får no skipa installert hybrid batteridrift ved Vard.
Det er Vard Electro som har utvikla løysinga.
Vard opplyser i ei pressemelding måndag at den første installasjonen vil skje ved Vard Brattvaag i løpet av våren.

Totalleverandør

Det er Vard sitt SeaQ Energy Strorage-system som skal installerast.
Dagleg leiar Stig Bjørkedal i Vard Electro opplyser at selskapet har opparbeidd seg ein solid kompetanse på batteri-installasjonar.
- Som totalleverandør kan vi leggje til rette for at installasjon av batteriløysingar kan gjennomførast på kort tid., seier han i pressemeldinga.
Dagleg leiar Karl-Johan Bakken i Remøy Shipping opplyser at selskapet har eit stort fokus på miljøtiltak og brennstoff-optimalisering, og at denne investeringa er i tråd med selksapets strategi.

- Gode tilbakemeldingar

Vard Electro skal levere SeaQ Energy Storage System til alle dei tre fartøya, og løysinga inkluderer batteri, dekkshus, landstraumstilkobling, samt installasjon og oppgradering av systema om bord.
Arne Ove Rødstøl, salssjef i Vard Electro seier at batteriløysinga som er utvikla kan installerast om bord i fartøy uavhengig av skipstype, skipsdesign, framdriftssystem eller kven som opprinneleg har bygd fartøyet.
- Vi haustar gode tilbakemeldingar fra våre kundar, og vi gler oss til å ta fatt på oppdraget for Remøy Shipping, seier han i pressemeldinga.

Publisert: 28.01.2019 13:52

Sist oppdatert: 13.03.2024 15:47