Stryn vinterski foto Stryn vinterski
INVESTERINGAR: Stryn Vinterski har investert millionbeløp i ny heis og auka produksjon av kunstsnø dei siste åra.
Nytt

Får glede av snøen og investeringane

Etter eit kriseår og minus i fjorårssesongen, ser det lysare ut for Stryn Vinterski.

Marius Rosbach
08.02.2021

Skisenteret i Stryn leverer som dei fleste andre skianlegg, ein rekneskap for 2020 som er prega av koronapandemien.

Eit minusresultat på nær ein halv million kroner (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil), etter inntekter på snaue 1,8 millionar, vitnar om ein sesong som aldri kom i gong. Selskapet har avvikande rekneskapsår som går frå juli 2019 til juni 2020.

Dagleg leiar Frode Briksdal fortel at dei i fjor først fekk skikkelege forhold i slutten av januar, og kort tid etterpå kom «koronapandemien og banka på døra», som han seier.

I åra før har Stryn Vinterski hatt ei omsetning på mellom 2,5 og 3,8 millionar kroner. Selskapet har sysselsett 1,5 årsverk i perioden.

Investeringar i ny heis og snøkanonar
Skisenteret har investert i ny juniorheis og meir snøproduksjon dei siste åra, ei investering på kring 11,5 millionar kroner. Med ein snørik start på vinteren har dei glede av det no.

– No har vi fått eit anlegg som fungerer fint, og får vår del opplever vi tilnærma ein normalsituasjon med talet på gjestar, fortel Briksdal til NETT NO.

Med det utvida snøproduksjonsanlegget kan dei legge snø i heile juniorheisa og eit strekke på opptil 800 meter i hovudtraseen.

Ved at dei følgjer smittevernråda for bransjen, har dei avgrensa kapasitet – men Briksdal fortel at det er godt besøk i helgane.

– Vi har hatt mykje fint ver, og laurdag og søndag er det stor pågang. I vekedagane er det færre folk, seier han.

Håpar på overskot
Briksdal håpar på overskot i årets sesong, men påpeiker at mykje også er usikkert.

– Vi forsøker spare litt, men kan ikkje spare oss til fant heller. Det gjeld å vere litt frampå i dårlege tider, som ein kan hauste av når dei gode tidene kjem tilbake. For det gjer dei, slår han fast.

Briksdal fortel at selskapet også har fått løyve om tippemidlar på drygt fire millionar kroner i samband med investeringane.

Det vil betre økonomien i selskapet. I dag er investeringane mellombels finansiert via bank, og Stryn kommune har stilt fleire garantiar for gjelda.

Les også: «Alle» vil til fjells

God start etter tøft år for Ørsta Skisenter

Korona både hindra og sikra rekord i Hornindal


No har vi fått eit anlegg som fungerer fint, og får vår del opplever vi tilnærma ein normalsituasjon med talet på gjestar

Stryn Vinterski AS

Årsresultat (i mill kr)

2020

2019

Driftsinntekter

1,7

2,7

Driftsresultat

-0,3

0,1

Res. før skatt

-0,5

0


Publisert: 08.02.2021 12:19

Sist oppdatert: 07.02.2022 11:40