Ole Morten Sorthe Møre og Romsdal Fiskarlag foto Ogne
KVA SKJER?: Ole Morten Sorthe er dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag har fått avslag i innsyn i omorganiseringsprosessen i Fiskeridirektoratet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Får ikkje innsyn i omorganisering av Fiskeridirektoratet

Fryktar Ålesund-kontor blir utan leiarstillingar.

30.08.2022

Møre og Romsdal Fiskarlag og Fiskebåt Vest har bedt om innsyn i planen for omorganisering av Fiskeridirektoratet, men fått avslag.

- Vi veit at Fiskeridirektoratet er i ein omorganiseringsprosess og at det er kome så langt at det ei sendt ei tilråding, og det er den vi har bedt om innsyn i, seier dagleg leiar Ole Morten Sorthe i Møre og Romsdal Fiskarlag.

Avslag på innsyn er klaga inn for Kommunal- og distriktsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Strid om Ålesund
I 2015 foreslo dåverande fiskeridirektør Liv Holmefjord å organiserer direktoratet i tre regionar, med base høvesvis i Bergen, Trondheim og Tromsø. Det ville mellom anna innebere flytting av regionkontorfunksjonen frå Ålesund til Trondheim.

Dåverande fiskeriminister, Elisabeth Aspaker, var ikkje heilt samd og utfallet blei fem regionkontor, mellom dei i Ålesund.

Regiondirektøren har pendla frå Trondheim til Ålesund.

No fryktar fiskarlaget at omorganiseringa skal ende med at Ålesund-kontoret blir utan leiarstillingar.

Fiskarfylke
Stor fiskeflåte og mange fiskararar i Møre og Romsdal bør telle med i vurderinga av korleis Fiskeridirektoratet skal organiserast.

- Vi bør ha ein del av den statlege forvaltninga også i Møre og Romsdal, seier Sorthe til NETT NO.

NETT NO sende måndag ettermiddag klokka 15:13 ein e-post til Fiskeridirektoratet med spørsmål om omorganiseringa og kva som eventuelt blir konsekvensen for Ålesund-kontoret.

Den e-posten hadde Fiskeridirektoratet ikkje svart på tysdag kveld.

Publisert: 30.08.2022 13:52

Sist oppdatert: 30.08.2022 22:48

Mer om