Faar stoette til aa bu seg paa marknaden etter korona
STØTTE: Støtte frå kommune, fylke og Innovasjone Noreg gjer det råd for Aud Kindervåg Halsne i Plussreiser å hente folk attende i jobb, for å bu seg på marknaden etter koronakrisa.
Nytt

Får støtte til å bu seg på marknaden etter korona

Kundane til Aud Kindervåg Halse i Plussreiser har fått att pengane sine for koronaavlyste reiser - og det har stort sett Plussreiser også.

20.11.2020
I løpet av kort tid etter at koronaepidemien og tiltaka mot den kom hadde reisearrangøren Plussreiser i Ålesund avlyst 100 reiser. Selskapet hentar nesten alle inntektene sine frå å arrangere reiser til utlandet, med Israel som eit viktig reisemål.
Tidleg i år låg 2020 an til å bli eit rekordår, men slik gjekk det ikkje.

Kom i klemme

Med stengte grenser og avlyste reiser kom Kindervåg Halse og resten av reisearrangør-bransjen i klemme. Kundane skulle ha att pengane for avlyste reiser, pengar som i alle fall delvis var betalt vidare til flyselskap, hotell og transportselskapa som skulle frakte og huse dei reisande.
Om flyselskap, hotell og transportselskapa ikkje betalte attende sin del for reiser som ikkje blei noko av kunne reisearrangørar som mellom andre Plussreiser rett og slett gå tomme for pengar, meg konkurs som eit mogleg utfall.

Har fått tilbakebetalt

Slik har det ikkje gått for Plussreiser, storparten av pengane som selskapet hadde betalt vidare - for reiser som blei avlyst - er betalt tilbake.
Kindervåg Halsne rosar forretningspartnarane sine i utlandet som har betalt attende, trass i at dei opererer i land med langt færre støttetiltak enn norsk næringsliv har fått under epidemien.

Kan sette folk i arbeid

Men koronakrisa har gått hardt ut over dei tilsette.
Neste alle dei 17 heil- og deltidstilsette er permitterte, men denne veka fekk Plussreiser støtte som gjer at ni permitterte kan hentast inn igjen i eit halvt år framover. Det er akkurat det Kindervåg Halsne ønskte seg, for å bu seg på marknaden etter koronaepidemien.
Plussreiser får 0,3 millionar kroner frå næringsfondet til Ålesund kommune, 0,4 millionar frå Møre og Romsdal Fylke og 1,8 millionar kroner frå Innovasjon Norge.
- Det betyr at eg kan sysselsette folk eg ellers ikkje kunne ta inn i arbeid, seier Kindervåg Halsne.

Støtte til omstilling

Omstilling er eit stikkord for søknadane, mellom anna for å kunne vri seg for å vere retta mot å sende kundane ut av Noreg - til å tilby reiser i Noreg.
Pengane frå kommunen skal finansiere utvikling av tilbod om pilgrimsreiser i Noreg og generell marknadsføring.
Pengane frå fylket skal finansiere bedriftsintern opplæring og pengane frå Innovasjon Norge skal finansierer utvikling av fleire turtilbod i Noreg, også skuleturar, og kundekontakt og utvikling av reiseleiarar.
Det betyr at eg kan sysselsette folk eg ellers ikkje kunne ta inn i arbeid

Publisert: 20.11.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:42