Medan flytrafikken I Noreg auka 3,3 prosent frå 2024 til 2025, sto talet på reisande stille på Vigra, ifølgje ferske tal frå Avinor.
Den manglande veksten har ei enkel forklaring, fortel Edit Holmen Dybvik, som er leiar for administrasjon og forretningsutvikling på Ålesund Lufthamn, Vigra:
Våren 2024 vart flyruta til Kaunas i Litauen avvikla, etter at flyselskapet merka nedgang i trafikken frå hausten 2023. I fjor vart det gradvis færre avgangar til Gdansk i Polen.
- Sjå tal for fleire flyplassar under
Begge rutene gjorde det enklare å langtidspendle frå Baltikum eller Polen og til arbeidsplassar på Nordvestlandet, men det er færre som reiser der no.
Nedgangen til Baltikum/Polen veg opp for auke i annan trafikk, og gjorde at det vart nullvekst på Vigra i fjor.
Fleire utanlandsruter
I år skal SAS gjer comeback med heilårsrute frå Vigra til Københamn. Planen er å halde fram med direkteflygingane etter er at sommarseongen er over.
Nytt er også at Norwegian skal flyge til London to dagar i veka i sommarsesongen, medan Discover Airlines skal flyge to gangar i veka til Frankfurt.
I tillegg har Wizz Air tre til fem flygingar til Gdansk i veka på heilårbasis, KLM ein til to flygingar dagleg til Amsterdam og Norwegian ein til to flygingar i veka til Alicante i Spania.
Flyplassen på Vigra hadde like over ein million reisande i fjor. Det gjer den til den sjuande største i landet, viser statistikken frå Avinor.
Les også
Rekord etter priskutt
Ørsta Volda Lufthamn/Hovden i Ørsta er blant flyplassane med aller størst passasjerauke i 2025, opp 13 prosent frå året før, til 160.135 reisande.
Det er ny rekord og over 50.000 fleire enn i 2019, siste året før koronapandemien. På landsbasis har flytrafikken auka om lag til 2019-nivået, men i Ørsta er den langt forbi.
Det er Widerøe som har monopol på å trafikkere flyrutene frå flyplassen. Monopolet blir gitt etter ein anbodskonkurranse der det også følgjer statsstøtte med på kjøpet. Dagens anbodsperiode starta 1. august i fjor og gav ein kraftig reduksjon i prisane.
Det forklarar trafikkveksten dei to siste åra, ifølgje lufthamnsjef Svein-Arne Vik.
Les også
| Flytrafikken 2025 | ||
| I 1.000 personar | ||
| Reisande | Vekst i % | |
| Totalt | 53.054 | 3 % |
| Oslo | 27.072 | 2 % |
| Bergen | 6.696 | 2 % |
| Ålesund (Vigra) | 1.013 | 0 % |
| Kristiansund | 367 | 12 % |
| Molde | 336 | -3 % |
| Ørsta/Volda | 160 | 13 % |
| Sandane/Anda | 50 | 5 % |
Publisert: 14.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 14.01.2026 03:24






