Lågaste torskekvote sidan 2003
Den norsk-russiske forskargruppa vil kutte torskekvota med 31 prosent frå 2024 til 2025.
Den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet la fram sine kvoteråd for nordaustarktisk torsk (skrei), nordaustarktisk hyse, snabeluer og blåkveite på ein pressekonferanse klokka 12:00 idag, fredag 21.juni.
- Det var mykje større en marknaden hadde venta, seier sjømatanalytikar Finn Arne Egeness i Nordea.
Fiskeindustrien kjem til å få dramatisk mindre fisk neste år. Torsken kjem til å gå frå kvardagsmat til eit luksusprodukt, men prisstiginga på torsken blir langt frå høg nok til å hindre at inntektene vil falle for fiskarane, meiner han. Fangsinntektene blir redusert med 15-20 prosent neste år, etter Egeness si vurdering.
Under kritisk grense
Noreg og Russland, som deler på storparten av torsken som veks opp i Barentshavet, har ein avtale som dempar svingingane i tilrådd kvote får år til år. Vilkåret for at den mekanismen skal gjelde er at fiskebestanden held seg over ei kritisk grense. No er bestanden under den grensa, etter forskarane si vurdering, og difor må også kutta i torskekvoten bli så stort.
- Dårleg rekruttering til bestanden i fleire år, sa forskar Bjarte Bogstad ved Havforskingsinstituttet då han grunngav kvifor forskarane vil reduserte fisket etter torsk med 31 prosent neste år. Klikk her for å følgje pressekonferansen i opptak
Artikkelen blir oppdatert
Lågaste sidan 2003
Kor mykje kvota skal kuttast er til sist ei politisk avgjerd. Dersom politikarane følgjer politikarene sitt råd kjem kvota for torsk og hyse neste år til å bli den lågaste sidan 2003. For torskefangsten blir det det lågaste nivået sidan 1991.
Det norsk-russiske fiskerisamarbeidet er ikkje omfatta av sanksjonane mot Russland, etter Russland sitt angrep på Ukraina. Det er imidlertid arbeidet til det internasjonale rådet for havforsking, som tradisjonelt legg fram kvoteråda som blir prosenter i dag. Der er russarane stengt ute og difor er det den norsk-russiske forskargruppa for fiskebestandar i Barentshavet som legg fram råda.
Dette er råda for 2025
Torsk: 311.587 tonn. 31 prosent ned frå råd og kvote for 2024.
Hyse: 106.912 tonn. 24 prosent ned frå ned 16 prosent frå råd for 2024.
Snabeluer: 67.191 tonn (og 69.177 for 2026). Ned fire prosent for råd og kvote for 2024.
Blåkveite: 12.431 tonn (og14.891 for 2026). Ned 42 prosent frå kvote og ned 20 prosent for råd i 2024.
Publisert: 21.06.2024 11:58
Sist oppdatert: 21.06.2024 12:44