Erna solberg stortinget skjermdump mars 2021 11
STORTINGET: Statsminister Erna Solberg orienterer Stortinget onsdag. Skjermdump: Stortinget.no
Nytt

Følg statsministerens orientering

Frå klokka 11.30 fortel Erna Solberg om den gradvise gjenopninga av samfunnet.

Marius Rosbach
07.04.2021

Statsminister Erna Solberg orienterer stortinget klokka 11.30 onsdag. Etterpå blir det pressekonferanse om pandemihandteringa og gjenopninga.

Følg direktesending frå Stortinget frå kl. 11.30 (ekstern lenke)

Kring klokka 13 inviterer statsministeren til pressekonferanse om same tema ved statsministerens kontor (sjå video under)

På pressekonferansen vil også helse- og omsorgsminister Bent Høie (H), helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vere til stades.

Følg direktesending frå pressekonferansen frå kl. 13 (ekstern lenke)

I eit intervju med VG fortel statsministeren at einmetersregelen og handvask er blant tiltaka som også vil gjelde i sommar.

– Ja, den må vi nok leve med òg denne sommaren. Vi må hugse på at estimata no er at det berre er dei over 18 år i Noreg som vil vere vaksinert i juli. Vi vil framleis då ikkje ha vaksinert dei fleste barn og unge, som også kan bli koronasjuke, sidan vaksinane ikkje er godkjende for dei, seier ho.

Tidlegast på slutten av sommaren vil det bli mogleg å stå tett i tett framfor ei scene, ifølgje Solberg.

– Men at det går an å ha fleire samla enn i dag, det vil det bli i løpet av sommaren, seier ho og seier det vil vere mogleg å arrangere konsertar og festivalar på alternative måtar.

Publisert: 07.04.2021 10:53

Sist oppdatert: 07.04.2021 11:04

Mer om