Foerste besoek for sju aar sidan
DEN NYE MR: EKORNES? : Ruihai Zhao i Qumei Home Furniture Group (i midten) byr på alle aksjane i Ekornes og vil betale 139 kroner pr. aksje. Bak frå venstre fabrikksjef Ole Arne Ramstad og administrerande direktør Olav Holst-Dyrnes under dagens omvisning i fabrikken. Lengst til høgre fotograf Per Thrana i Dagens Næringsliv.
Nytt

Første besøk for sju år sidan

Ruihai Zhao hadde sitt første besøk på Ekornes for sju år sidan. No byr han på alle aksjane.

23.05.2018
Zhao har bygd opp, leier og er storaksjonær i børsnoterte Qumei Home Furnishing Group, som byr på alle aksjane i Ekornes. Det kinesiske selskapet blei etablert i 1993 og børsnotert i Shanghai i 2015. Driftsinntektene i fjor var 2,5 milliardar kroner. Ekornes hadde 3,1 milliardar kroner i driftsinntekter.

Får Zhao kontroll på minst 55,57 prosent av aksjane i Ekornes - som er vilkåret i tilbodet - blir Qumei Home Furnishing Group den nye storaksjonæren i Ekornes.
Den første kontakten om eit eventuelt bod på heile Ekornes blei etablert i februar 2017, men Zhao sjølv hadde altså sitt første besøk i Sykkylven for sju år sidan.

Rolls-Royce-status

Han meiner Ekornes med sine Stressless-møblar har ein unik status som Qumei vil ta inn i den store kinesiske marknaden.
- Det er Rolls-Roycen blant kvilestolar, seier Zhao.

Norske gener

Zhao avviser at det er aktuelt å flytte produksjon frå Noreg til Kina.
- Det eksisterer ingen slik plan. Vi ønskje å bevare det norske gener i Ekornes, seier han.
I tillegg til ein internasjonal sterk merkevare er styrken til Ekornes, etter Zhaos vurdering, ei sjølvstendig leiing, tett samarbeid mellom leiinga og dei tilsette, ein flat struktur, høg arbeidsmoral og ein høgt autmatisert produksjon.

Butikkvekst

Qumei Home Furnishing Group driv både møbelhandel og møbleproduksjon.
Selskapet har 850 møbelutsal i Kina i dag og skal utvide ned 500 nye innan fem år. I tillegg skal selskapet opne 1500-2000 såkalla butikk i butikken-utsal, der dei blir ein del av ein større butikk.
Selskapet har og fire fabrikkar, med platemøblar (garderober, skap, kjøkkeninnreiing og liknande) som viktigaste produksjon.
Zhao og familien eig 72,87 prosent av aksjane.
Det er Rolls-Roycen blant kvilestolar

Publisert: 23.05.2018 14:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22