Foerste bloeggebaat for Volt Service
BYGGJER OM: Ein ombygd kystverkbåt blir første bløggebåt for Even T. Remøy i Volt Service. Skal ha to nybygg også. 
Nytt

Første bløggebåt for Volt Service

Reiarlaget Volt Service byggjer om kystverk-farty.

21.01.2019
Målet er å ha båten i drift som bløggebåt i midten av april, seier Even T. Remøy i Volt Service.
Reiarlaget fekk overlevert sin første arbeidsbåt for oppdrettsnæringa, Volt Processor, i mai i 2018. Då sa Remøy at reiarlaget også skulle ha tre bløggebåtar. Bloggebåtar bløggar oppdrettsfisken (kuttar strupen på fisken, red. merk) ved oppdrettsanlegget og fraktar den vidare til slakteriet for vidare bearbeiding. Våren 2018 håpa Remøy på å skrive byggekontrakter før sommaren 2018. Så raskt har det ikkje gått, men med ombygging av ein eldre båt vil Volt Service likevel vere ute i marknaden for bløggebåtar alt i år.

Byggjer om

Kystverk-fartyet skal på verkstad for ombygging for å få plass til tankar for oppbevaring av fisken etter bløgging og fram til slakteriet. Utstyr for bløgging skal også monterast på dekk. Nett no ligg fartyet ved kai i Herøy.
Kjøpet gjer at reiarlaget kan kome raskt i gang og byrje å hauste erfaringar, seier Remøy.
Båten får namnet Volt Collector og skal supplerast med to nybygg.

Meir fisk

Ein fordel med bløggebåtar er at dei tar død fisk med seg frå oppdrettsanlegget og fram til slakteriet. Det gjer at slike båtar treng mindre tankkapasitet enn ein brønnbåt, som fraktar fisken levande frå oppdrettsanlegget og fram til slakteriet.
Volt Service ble skipa i november 2016 og er selskapet eigarane i Remøy Management organisere satsinga si på oppdrettsnæringa gjennom. Drifta av skipa skal Remøy Management stå for.
På eigarsida i Volt Service er og Robert Søviknes, som er dagleg leiar i leppefiskselskapet Søsand Leppefisk i Haram.

Publisert: 21.01.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30