Nasjonalt kompetansesenter i Sykkylven 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
BRANSJETREFF: For tredje år på rad blir det bransjetreff for møbelindustri og andre designindustribedrifter i Sykkylven. Både prosjektleiar Anita C. Drabløs i Plusslab og bransjesjef Egil Sundet i Designindustriens bransjeforening er mellom innleiarane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Første bransjetreff etter korona

Over 80 møbelbransje-folk til konferanse i Sykkylven.

24.10.2022

For tredje år på rad arrangerer Designindustrien bransjeforening bransjetreff i Sykkylven, torsdag 27. oktober. Organisasjonen organiserer mellom anna møbelindustrien, og det er møbelindustrien som står i sentrum for merksemda på møtet i Sykkylven.

Omlag 80 er påmeldt, og medan arrangementa i 2020 og 2021 samla ein bransje i opptur er det no ein bransje der driftsinntektene har flata ut eller falle, som møtes.

Optimisme
Trass i omslaget i marknaden er møbelindustrien framleis ein industri med optimisme og med meir solide bedrifter enn før koronapandemien, seier bransjesjef Egil Sundet i Designindustriens bransjeforening til NETT NO.

Saman med dei andre bedriftene som er samla i Designindustriens bransjeforening er møbelindustrien med på eit prosjekt for å kartlegge kva som blir det viktigaste drivkreftene for industrien framover.

Det arbeidet skjer i Plusslab, som organiserer utviklingssamarbeid mellom medlemane i bransjeorganisasjonen. Arbeidet skal munne ut i ein rapport som legg grunnlaget for kva forsking- og utviklingsprosjekt det skal satsast på og kva tema Plusslab skal arbeidet med frå og med 2023.

Sirkulær økonomi
Anita Drabløs er prosjektleiar for Plusslab.

Ho seier til NETT NO at eitt tema peikar seg ut allereie no, sirkulær økonomi. Det handlar om alt frå å minimere ressursbruk til å kunne reparere og tilby reservedeler til kundar som sit med eldre produkt.

Dobla interesse for Rellingprisen
På det første bransjetreffet, i 2020, vart Rellingprisen til unge norske møbeldesignarar delt ut for første gang.

Prisen er oppretta for å heidre møbeldesignar Ingmar Relling, som blant anna sto bak Siesta-stolen, ein av dei mest kjende stolane i norsk møbelhistorie. Den kom i produksjon i 1965 og blir i dag laga hos L.K. Hjelle i Sykkylven.

Rellingprisen blir delt ut annakvart år, og i år er det 25 påmelde, mot 11 for to år sidan.

Publisert: 24.10.2022 13:33

Sist oppdatert: 24.10.2022 13:59