Foerste cruiseskip med X Bow
FERDIG: Ulstein sitt «site team» ved det kinesiske verftet som no er ferdig med det første skipet med X-Bow-design til cruisemarknaden.
Nytt

Første cruiseskip med X-Bow

Det første av det som kan bli ein serie på ti skip med Ulstein-design – er no døypt og levert.

Marius Rosbach
06.09.2019

Etter å at Ulstein har selt meir enn 100 skipsdesign men den prisvinnande X-Bow-en, har no også eit cruiseskip med baugløysinga kome på vatnet.

I førre veke vart det første av Sunstone sine cruiseskip sjøsett ved CMHI-verftet i Kina, ifølgje ei pressemelding frå Ulstein.

nettnohalf

Skipet er det første av førebels fire ekspedisjonscruiseskip Ulstein Group skal designe for Sunstone. I tillegg har dei opsjonar på seks nye cruiseskip for det amerikanske cruiseselskapet.

Kalla opp etter grunnleggjar
Det 104 meter lange cruiseskipet som vart sjøsett førre tysdag, skal heite «Greg Mortimer» etter grunnleggjaren av operatørselskapet Aurora Expeditions.

Tidlegare har Ulstein designa den litt mindre luksusyacten Olivia O, som også var utstyrt med X-Bow. Skipa som Sunstone skal operere, er dei første cruiseskipa som får denne baugforma.

Les meir: Full klaff med cruisedesign

Fleire representantar frå Ulstein hadde teke turen til verftet for å vere med på den storslagne seremonien. Same dag var det også brennestart for skip nummer tre i serien.

nettnohalf

Første ekspedisjonscruiseskip frå Kina
Arbeidet med skipet som no er på sjøen, starta for eitt år sidan. Niels Erik Lund i Sunstone opplyser at dei har jobba godt med leverandørar og serviceaktørar for å få til dette.

– Dette er første gong eit ekspedisjonscruiseskip vert bygd på eit kinesisk verft. Framdrifta har vore jamn og ligg på plan. Eg er overtydd om at vi kjem til å få sjå ei trygg og god levering av dette fartøyet seinare i år, slik at fartøyet kan starte turane sine til Antarktis denne vintersesongen, seier han i pressemeldinga.

Dei isklassa skipa vil få plass til mellom 130 og 200 passasjerar og eit mannskap på mellom 85 og 115.


Publisert: 06.09.2019 16:16

Sist oppdatert: 17.05.2024 22:59