Nytt
Første cruiseturist til topps onsdag
Onsdag og torsdag denne veka får mannskapet på gondolbana i Loen den første testen på om dei kan handtere eit stort innrykk av turistar.
22.05.2017
På opningsdagen laurdag frakta gondolbana Loen Skylift til saman over tusen til topps, først til opningsmarkeringa med Dronning Sonja på formiddagen og deretter til konsert og fest på kvelden.
I går, søndag 21. mai, var den første dagen med vanleg drift. Då frakta bana rundt 250 til topps i følgje sal- og aktivitetsleiar Odd Rune Flo.
Han er nøgd med starten.
- Det var ein veldig god start etter ei veldig hektisk opning, seier han.
Onsdag og torsdag får mannskapet den første testen på om dei kan handtere storinnrykk. Då kjem dei første cruiseturistane for å ta turen til topps.
Målet er å nå 40.000 passasjerar i år.
Bana skal vere i drift året rundt.
I går, søndag 21. mai, var den første dagen med vanleg drift. Då frakta bana rundt 250 til topps i følgje sal- og aktivitetsleiar Odd Rune Flo.
Han er nøgd med starten.
- Det var ein veldig god start etter ei veldig hektisk opning, seier han.
65.000
Bana må ha 65.000 passasjerar i året for å drive i balanse. Det tilsvarar eit gjennomsnitt på 180 passasjerar om dagen.Onsdag og torsdag får mannskapet den første testen på om dei kan handtere storinnrykk. Då kjem dei første cruiseturistane for å ta turen til topps.
450 i timen
Går bana med full fart kan den frakte opptil 450 passasjerar til topps i timen. I høgsesongen vil bana vere i trafikk 15 timar i døgnet og på dei travlaste dagane reknar Flo med å frakte rundt 2000 til topps.Målet er å nå 40.000 passasjerar i år.
Bana skal vere i drift året rundt.
Publisert: 22.05.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10