Håkon andre berg salmon evolution foto marius daniel krokå 11
I RUTE: Salmon Evolution-sjef Håkon Andre Berg er i rute til å sette den første fisken ut i anlegget i mars neste år, ifølgje kvartalsrapporten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Første fisk i anlegget i mars

Alle dei 12 store fisketankane til Salmon Evolutions første byggesteg skal vere montert før året er omme.

16.11.2021

Selskapet er i rute til å sette første fisken ut i anlegget i mars neste år, melder Salmon Evolution i kvartalsrapporten for 3. kvartal.

Les børsmelding her

Fisken som skal ut i anlegget har nådd ein vekt på over 200 gram i smoltanlegget til Kraft Laks i Volda, ifølgje rapporten.

Salmon Evolution kjøpte smoltprodusenten Kraft Laks for 76,5 millionar kroner i august i år. Det sikra smoltproduksjonskapasitet som er stor nok til å forsyne første byggetrinn av Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy i Romsdal.

Etter at Salmon Evolution blei børsnotert i september 2020 fall aksjekursen frå 7,5 kroner pr. aksje til 5,06 kroner pr. aksje i slutten av oktober.

I januar 2021 var kursen oppe i 7,55 kroner pr. aksje før det kom eit nytt fall, til 5,65 i starten av mai 2021. I dag, klokka 09:17 er kursen 8,72 kroner aksjen. Det er rekordnotering for selskapet og verdset Salmon Evolution til 2,7 milliardar kroner.

Salmon Evolution ASA
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt12,30,7
Driftsresultat-25,4-15,5
Resultat før skatt-21,2-15,6

Publisert: 16.11.2021 09:19

Sist oppdatert: 16.11.2021 09:19