Foerste Kina skipet paa veg til Europa
OFFSHORE: Energy Empress er overtatt av Golden Energy Offshore Services, og skipet er no på veg frå Kina til Europa.
Nytt

Første Kina-skipet på veg til Europa

Energy Empress er på veg til Europa etter at Ålesund-baserte Golden Energy Offshore Services har fått overlevert skipet.

13.05.2019
Det var i juni i fjor at Ålesund-selskapet gjorde avtale om å kjøpe to 83 meter lange kombinerte forsyningsskip - og lette konstruksjonsskip frå Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipment.
Men då skipa skulle overelverast, mangla Golden Energy Offshore Services (GEOS) kapital, og gjennførde ein emisjon for å hente inn frisk kapital til å overta skipa.

Då fristen for å teikne seg gjekk ut 30. april hadde selskapet fått inn .

Klart for PSV-oppdrag

No opplyser GEOS at det første skipet, Energy Empress, er overtatt frå verftet.
Adm. dir. Per Ivar Fagervoll er fornøgd med avtalen, og opplyser at skipet er på veg til Europa og klart for PSV-oppdrag.
- Energy Empress er svært drivstoffeffektivt og vil tilfredsstille dei høge forventningane til våre klientar.

God framdrift

Det andre skipet, Energy Duchess, er framleis ikkje overlevert, men Fagervoll opplyser at det er god framdrift rundt overtakinga også av dette skipet.
- Vi forventar at skipet vert overlevert seinare i månader.

Publisert: 13.05.2019 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35